OS SOGA 1

Wednesday, January 08, 2020

1. Bygdesoga

 

Fyreord

FYREORD

(Avskrift frå Os Soga I)

Etter mange års arbeid kann eg endeleg leggja fram fyrste bandet av bygdeboki for Os. Hadde eg tenkt meg at arbeidet vart so drjugt som det i røyndi var so hadde eg ikkje teke i ferd med det. Og når attåt det heile skal gjerast utanum vanleg arbeidstid soleis som gjort i dette høve so tek eit sovore arbeid både dagar og år.

Boki er ikkje lytelaus og er ikkje so heilstøypt som ho burde vera. Ein stor part av innhaldet er sett ihop på utferer, ei jernbanevogn eller på ei kjerra skranglande etter vegen millom Hegglandsdalen og Osøyri. Serleg hev ferdene med Osbanen vore framifrå til arbeidet, med di Ostoget altid gjekk so høveleg seint og stogga so lenge på stasjonane. Men dette hev ogso gjort at ihopsetjing, ordval og rettskriving er vorte so ymis i boki. Under slike tilhøve er det uråd å gjera det onnorleis.

Dei kjeldor som er nytta under arbeidet hev vore mange og frå mange stader. Det er uråd å nemna upp alle her. Umframt alt tilfang som ein finn i Riksarkivet, statsarkivet i Bergen, Universitetsbiblioteket, Bergens bibliotek og Bergens Museum hev eg ogso i stor mun nytta tilfang frå andre samlingar og hjå private. Eg må serleg takka Johannes Sundvor for fritt tilgjenge til hans rike samlingar og Nils Lauvskard for upplysningar frå hans granskararbeid.

Ei serskild takk sender eg dei menn som hev skrive dei tri verdfulle serbolkane i boki, professor Kolderup, professor Shetelig og Olaf Hansson, og likeeins dei gode hjelpesmennene Joh. Ludw. Mowinckel og Georg von Erpecom som hev gjort det mogleg å gjeva boki høvelegt utstyr med turvande bilæte.

Ogso mange osingar hev vore gilde og hjelp til med uppgåvor og upplysningar, soleis Olaf Hansson, Jacob Halhjem, lærarane Grindevoll, Midthus, Bøthun og Myrtveit og fleire. Martin Heggland, Henrik Tveit og M. Mortensen hev skaffa mange bilæte, likeeins Norges Geografiske op-måling som attåt hev laga kartet i boki. Os privatbank og Os heradstyre hev ogso hjelp til med utgjevingi av dette bandet. Alle desse sender eg mi beste takk.

Tilfanget til andre bandet av boki, gards- og ættesoga, ligg no mykje ferdugt, men um eg kann magta å få det prenta og i bok er meir uvisst. Det stend no på korleis ein tek mot fyrste bandet um det andrer kan koma.

Hegglandsdalen 16. november 1932

Nils Tveit.

 

 

FYREORD TIL 2. UTGÅVA

 

Os heradstyre vedtok i 1951 å prenta opp att Nils Tveit sitt verk Os Soga, som hadde vore utseld i mange år. Verket var utgjeve av Nils Tveit på eigen vågnad og utan tilskot frå heradet. No tok heradet på seg vågnaden med ny utgjeving.

Det vart vald ei nemnd til å ta seg av dette. Med i nemnda vart Daniel Grinde­voll, Johannes Tvedt og Torbjørn Vik. Daniel Grindevoll vart formann. Då Torbjørn Vik døydde i 1956, kom Henrik Tveit med i hans stad.

Enkja etter Nils Tveit, no avlidne Anna Tveit, og døtrene var so rauste at dei utan vederlag gav heradet retten til denne nyprentingi av det arbeid som Nils Tveit i 30 år hadde nytta sine fristunder til. Det einaste det er gjeve vederlag for, er klisjeane til verket. Dette vederlaget vart sett til noko mindre enn dei utlegg Nils Tveit hadde til klisjear.

I fyrste utgåva er det i slutten av band III ein del tillegg og rettingar. Dette er slikt som Nils Tveit fann etter at bøkene var trykte. Desse tillegg og rettingar er no sette inn i bøkene der dei høyrer heime. Elles er det ingen brigde frå fyrste ut­gåva.

Band I av den nye utgåva kom i 1960 og band II i 1962. Med dette kjem band III, og hermed er heile Os Soga kome i ny utgåva.

 

Os Sogenemnd

 

 

 

 

FØREORD TIL 3. UTGAVA

 

På grunn av den store etterspurnaden etter sogeverket til Nils Tveit dei seinare åra, kjem Os-soga 1—111 no i ny utgåve, den tredje.

Denne utgåva er eit offsetavtrykk av 2. opplaget, med rettingar inntekne i teksten. Ein del bilete er reproduserte på nytt etter dei originale negativa.

Denne utgåva er trykt i 2.000 eksemplarar.

 

Os, desember 1978

 

Os Sogenemnd