Nils Tveit

 

"Mangslungen var han....."

Frå BYGDESOGA for OS innleiing av Daniel Grindevoll:

Mangslungen var han, og vidt femnde han, denne gåverike mannen:

Rosemålar, bonde, sogeskrivar, boksamlar, ordførar og bygdehovding, stortingsmann og diktar. Og på alle desse omkverve gjorde han ageleg gagnsverk.

Far-faren, Nils Tveiterås, kom frå Samnanger og busette seg på garden Midthus i Hegglandsdalen i Os. Han, som faren og farfaren, dreiv med rosemåling, men han var attåt spelemann. Sonen, Annanias, far til Nils Tveit, kjøpte bruk på garden Tveit året 1872. Utanom gardsdrifti hadde han stor målarverkstad og vart snart ein vidgjeten rosemålar. Han var gift med Marie Torbjørnsdotter Lyssand. Far hennar var frå Grindevoll og høyrde til lensmanns- og klokkar-ætti Synnestvedt. Både Annanias og kona var evnerike og sterkt interessera i politikk. Her på Tveit vart Nils fødd 8. januar 1876 som den eldste av 8 sysken. Han synte tidleg gode evner og stor lærehug.

Fyrste læraren hans var Elias Hansen, far til botanikaren Olaf Hanssen, og han var noko av ein lyrikar. Seinare fekk Nils den kjende farbror sin, Haldor Midthus, til lærar. Han var ein uvanleg gløgg og dugande mann, ihuga politikar, skreiv og tala godt, og var grunnleggjaren av esperanto-rørsla her i landet. Nils lærde dette språket og hadde i mange år brevbyte med esperantistar i alle fem verdsdeler. Denne farbroren har tvillaust saman med foreldri hatt sterk innverknad på den opne gutehugen.

Vinteren 1890/1891 gjekk Nils Tveit på Nordhordland Amtsskule, som då heldt til på Os. Han byrja på skulen om hausten før han var konfirmert. Lærarane her, Leonhard Næss og Olaus Alvestad, har nok kvar på si vis gjeve næring til hans åndsvokster og hjelpt han til å sjå leii framover. Så ung han var, merkte han seg alt her ut i ungdoms-flokken.

Frå skulen bar det heim att til målarkrakken og gardsarbeidet, og han fann glede og utløysing for nokre av dei rike evene sine i båe yrke. Men han såg seg og tid til meir. Den vinteren han gjekk på amtskulen, vart ungdomsarbeidet teke opp i Hegglandsdalen. Eit song- og eit ordskiftelag vart skipa, og i 1894 vart dei slegne saman til Hegglandsdalens Ungdomslag. Her kom Nils Tveit heilt med, formann i fleire år, sumtid bladstyrar, med i ordskifte, ein god skule for det han sidan tok på seg.

I 80 -- 90 åri gjekk dei politiske bylgjene høgt, og Nils Tveit kom alt frå gutedagane midt opp i den beiske striden. Både faren og farbroren Haldor var ihuga vinstremenn, og valmenn samstundes fleire gonger. På Tveit heldt dei då sjølvsagt bladet "Fram", men i andre tun budde "Bjørgvinmenn", og desse bladi var den gong som fiendefaner. Nils Tveit skildra ein gong den striden så levande at eg laut tenkja på Bjørnson-tidi i Bergen. — --- Mange ein gong medan Nils Tveit sat på målarverkstaden i unge år, gjekk ordskiftet om både bygde- og unions politikk høgmælt og kvasst, og Nils var ikkje den som tagde. Hans politiske støyping vart nok tidleg lagd, og tame fekk han. Gode læremeistrar hadde han i faren og farbroren, som båe lenge var med i bygdestyringi. Elles hadde båe bestefedrene hans og vore med i heradstyret. --— Alt i 1885 vart Os vinstrelag skipa etter opptak av brørne Annanias Tveit og Haldor Midthus. I dette laget vart Nils Tveit formann før han nådde røysterettsalderen, og formannstidi varde i 20 år. Men politikken tok ikkje heile fritidi og arbeidskrafti hans.

Os skyttarlag er eldste idrottslaget i bygdi, skipa i 1891 av Olaus Alvestad, og Nils Tveit kom tidleg med her. Dei mange pokalar og premiar han vann, syner at han var ein dugande skyttar. I 20 år sat han i styret her, i 10 år som formann. Frå 1911 til 1928 var han formann i Hordaland skyttarsamlag, ei tid varaformann i Noregs skyttarstyre, og så seint som ved Landsskyttarstemna i Os 1947 tok han sin lut av førebuingsarbeidet, gav gode råd og rettleidingar, og arbeidde siste dagen på spreng med premieutrekningi. Nils Tveit hadde tidleg fått skyttarsamskipnadens gullmedalje.

I 1901 gifte han seg med Anna 0. Tøsdal, og ho vart til stor hjelp og studnad for han gjennom eit langt og lukkeleg samliv. Dei skapte ein gjestfri uneleg heim, velstelt inne og ute, der 3 døtrer vaks opp etter kvart. Nils Tveit var alltid ein heimkjær mann. Likevel førde dei mange gjermåli hans meir og meir til ferder med lange opphald borte frå heimen, men når han så kom att, møtte han skjønsemd og hugnad hjå sine. Det gav styrke og arbeidsmod. — Frå 1908 til 1925 var han likningssekretær i Os, og no fekk han grundig kjennskap til folk og økonomi i bygdi. — I 1911 tok han over farsgarden som då fødde 5—6 kyr og hest. Garden er noko brattlendt og tungdriven, men grosam. Mykje arbeid vart nedlagt, og då han døydde fødde dei nok godt 8—9 kyr og hest. Dei siste åri fall mykje av ståket heime på kona og den eldste dotteri. Nils Tveit lika gardsarbeidet og gledde seg over det som brydda og voks på åker og eng — som over voksteren i ånds- og kulturliv.

Same året han overtok garden, vart han tilsett som forretningsførar for Trygdekassen og tilsynsmann for R. T. V., og denne stillingi hadde han til 1916, då han vart revisor i Os Privatbank. Her stod han seinare som formann i representantskapet i mange år. — Ved valet hausten 1916 kom Nils Tveit inn i heradstyret og vart sessa på ordførarstolen med ein gong frå 1/1 1917. Ein lang og tung arbeidsdag tok til. Sume rista på hovudet og spådde at dette gjekk gale. Ein ny og urøynd mann no når så mykje nytt banka på døri og krov løysing. — Strid og usemje hadde det vore, verre ville det verta, meinte dei. Men dei tok feil, det gjekk ikkje gale. Rett nok kunne striden mang ein gong mest gå på æra laus, men han staka opp framgangsvegen — og gjekk han saman med dei andre framsynte. To gonger seinare vart han ordførar ved lutdraging, men motbøren skremde han aldri, berre stålsette. — Det vart sett fart på vidare utbygging av linenettet åt elektrisitetsverket, gamle vegar vølte, nye planar lagde o.s.b. Ordføraren var vaknare og vågnare enn dei fleste motmennene, men snaut inkje av det han tok opp og stridde fram i si ordførartid, ynskjer dei ugjort i dag. Men det kosta eit seigt og målmedvite strev med mange svevnlause nattetimar. — I heile ordførartidi si førde han til vanleg møteboki sjølv. Skrivemaskin nytta han ikkje, ikkje sekretær heller. Det kom vel med at det fall lett for han å skriva, grei handskrift, lett og ledug mål. Han gjekk over til nynorsk i administrasjonen, men kunne og skriva eit sers godt og folkeleg bokmål.

I fylkestinget kom han med i jordbruksnemndi og seinare i budsjettnemndi som formann, formann i fylkestinget åri 1932—1934, tidlegare og seinare varaformann, med i fylkesvegstyret og i fylkesutvalet, fylkesrevisor frå 1918 til 1940. Rekning fall alltid leikande lett for han. Ein velvyrd Hordalandsordførar frå eit anna parti vart i 1930-åri spurd: "Kven held De for å vera den mest dugande ordføraren i fylket?" Utan tviking kom svaret: "Ordførar Tveit i Os". —Han stod som varamann til Stortinget åri 1922—1945 og møtte 1924—25, 1928—1935, 1938—1940 og 1945. Ved valet dette året kom han inn som stortingsmann og gjorde teneste som sekretær i Lagtinget. Jordbruk, samferdsle og økonomiske saker fanga nok hugen hans sterkt, og at han på tinget vann seg vyrdnad for arbeidet han gjorde, kom klårt fram i den vakre talen Olav Oksvik heldt ved båra hans.

Det er mest uråd å nemna alt han elles var med på som medlem av ymse styre, utval og nemnder. Eg tek med dette: Mykje nytta ved større skjøn og takstar, formann i Hordaland vinstrelag, formann i representantskapet for Vestlandsbanken, formann i direksjonen for Nesttun-Osbanen og sidan formann i styret for bilruta Os—Bergen, formann i styret for Christian Michelsens barneheim, varaformann i styret for Hordaland meieri og Vestlandske Mjølkesentral, det same i Norske Melkeprodusenters Landsforbund, i Det Norske Meieribruks Centralstyre og i Norges Herredsforbund, styremedlem i Norsk Bygdekunstlag, medlem av Det løynlege fylkesutval 1943—45 og av Heimefrontens fylkesråd, fylkesforsyningssjef i Hordaland åri 1940—1947.

Folk som ikkje kjende Nils Tveit, kan nok spørja: Brende han ikkje sume av alle desse "jarni"? Arbeidskameratane hans svarer: "Nei, han gjorde skil for seg kvar han kom". — Han vart heidra med Kongens fortenstmedalje i gull og med Det Norske Meieribruks gullmedalje.

Han skreiv ymse småskrifter om ungdomsrørsla, skyttarsaki m.m., og var ei tid redaktør for årsskriftet til Nord- og Midhordland sogelag.

"Os Privatbank gjennom 50 år" skreiv han i 1938, "Lysekloster gjennom 800 år" kom ut til minnehøgtidi i 1946. — Og så var det stor-verket hans: "Os soga. Eit utsyn over Osbygdi frå gamall tid til no".

Skalden Nils Tveit ter seg tydeleg i songen som verket tek til med:

"Osbygdi". Kjærleiken sin til natur, folk og fedrar og soga deira fann han einfelte, vare og varme ord for. Bygdesong er han vorten, og i all framtid vil sambygdingane hans verta Nils Tveit stor takk skuldig for den verdfulle gåva. Henrik M. Lyssand har laga ein vakker tone til songen. — Tanken på ei Os-bok bar nok Nils Tveit på lenge, og i mange år samla han tilfang, leita i kyrkjebøker og i skattelister m. m., saumfor alt han fann om bygdi i arkiv i Bergen og Oslo. — Han skreiv sjølv i føreordet til fyrste bandet m.a.: "Hadde eg tenkt meg at arbeidet vart so drjugt som det i røyndi var, so hadde eg ikkje teke i ferd med det. — Ein stor part av innhaldet er sett i hop på utferder, i ei jarnbanevogn eller på ei kjerra skranglande etter vegen millom Hegglandsdalen og Osøyri. Serleg hev ferdene med Osbana vore framifrå til arbeidet, med di Ostoget alltid gjekk so høveleg seint og stogga so lenge på stasjonane". Til lukke for oss traut ikkje tolmodet, han heldt ut. I 1932 kom fyrste bandet, Bygdesoga, på 717 sider med 306 bilete og 1 kart. Han hadde hatt fagfolk av toppklasse til hjelpesmenn. Professor C. F. Kolderup skreiv om geologien, Haakon Shetelig om fornminne og osingen Olaf Hanssen om voksterlivet, tils. 78 sider medrekna mange bilete og kart. Resten, 639 sider, var Nils Tveit far for. Og bygdefolket og andre kjøpte boki og las — me kan i mange høve seia — "Så øyet ble stort og vått", men jamt braut smilen fram. Ei gullgruve av kunnskap gav han oss. Han kasta ljos over alle sider av livet så langt attende kjeldene rakk og synte oss vokster og samanheng. Ei lett og levande form gjorde lesingi til ein fest, og me såg folk og hendingar for augo. Han åtte forteljargleda i rikt mon. Fagfolk gav boki sterke lovord. -- I 1938 kom andre bandet, fyrste lut av gardssoga, 486 sider med 62 bilete og 1 kart, og i 1941 tredje bandet, slutten av gardssoga, 831 sider, 104 bilete og 1 kart. Det samla sidetalet i verket er 2034. Dei to siste bandi kosta ikkje minst strev, fylte som dei er av namn og årstal. Eit fagnaverk. Når me minnest kva Nils Tveit elles fekk gjort, lyt me i ovundring seia: Det er utruleg! For eit arbeid.!

Statsarkivar Einar Jansen melde dei 3 bøkene i januar 1942 og sette som overskrift: "Et bygdehistorisk standardverk". Han kallar det "monumentalt" og skreiv millom anna: "Men så er da også resultatet blitt et standardverk som forfatter og medarbeidere kan være stolte av, og som bygden og den lokalhistoriske forskning må være dem i høy grad takknemlig for". Om fyrste bandet seier han: "Vi lærer her å kjenne en mann som bygger sin framstilling på et solid grunnlag av systematiske undersøkelser av det rikholdige kildemateriale som her kommer i betraktning. Det nevnte første bind er en fengslende lesning for alle som kjenner bygden, og for alle historisk interesserte. Gang på gang krydres fremstillingen av karakteristiske interiører som det har lykkes den flittige forfatter å trylle fram av de gamle tørre protokoller". Om det heile skriv han: "Bygdens mangeårige ordfører har ved dette arbeid reist seg et varig monument".

Sambygdingane takka ikkje alltid Nils Tveit som dei burde for vel-gjort arbeid på mange omkverve, men ein ting kan me gleda oss over: at me trass krig og tyskarar skipa til det me kalla "Bygdekveld" til æra for han på 66-årsdagen hans den 8. januar 1942. Gjennom tale, song og musikk strøymde det mot han ei varm takk frå ein fullsett sal —ikkje minst for Os-songen og Os-soga, som då nett var ferdig. Samstundes fekk me klårt sagt frå om kvar me stod i den harde striden me levde midt oppe i. Kvelden gjorde Nils Tveit synleg godt, dagen føreåt avsette nazistane han som ordførar, ein noko uvanleg måte å høgtida eit 25-årsjubileum på, men han kom att i mai 1945. Om hausten sa han frå seg attval til heradstyret. — Ein høvedsmann gjekk frå styrevolen.

Etter at Nils Tveit var avliden kom siste bokverket hans: ((Meieribruket i Hordaland", ei bok på 563 sider med 123 bilete, og kunnige folk seier at dette og er eit godt og grundig verk som har kravd langt og trottugt granskararbeid. I ei vakker innleiing av Karl Hjelmtveit heiter det millom anna om Nils Tveit: "Med han er ei eldsjel som brann for mange og store saker gått bort. — Han var bøndenes trauste talsmann både i kulturelle og økonomiske saker. Fleire av dei økonomiske organisasjonar hadde han vore med og bygd opp. — I vande situasjonar var han både uredd og djerv, og han kunne også vera kvass når det baud seg slik. Men den som fekk den lukka å kjenna han nærmare, visste og at det brann eit varmt hjarta attom alt arbeidet hans.

Etter Nils Tveit er der eit tomrom som vil vera vandt å fylla".

*

Eg kan gjera Hjelmtveits ord til mine etter mange års samarbeid med Nils Tveit. At han var bokelskar og sette kunnskap høgt, synte han på ymse vis. Han var i mange år formann i styret for Os folkeboksamling, og ikring 1920 samla han millom kjenningar inn om lag 2500 kroner til kjøp av fagbøker og større verk åt leseromet. — Tidleg tok han til med bokkjøp til eigi samling. Etter kvart la han seg etter fyrsteutgåver. Store pengesumar gjekk med, og han nytta ikkje bøkene til stas, men las dei. Han let etter seg ei boksamling på om lag 8000 band i eige nytt hus som han sjølv fekk sjå fullt ferdig. Av desse bøkene er ikring 4000 fagbøker, over 700 band Holberg og Holbergiana, 5—600 fyrsteutgåver av ulikt slag og resten ei mengd med verdfulle forteljingar og romanar. Ei så rik og kostbar boksamling finn me ikkje jamt make til hjå privatfolk på bygdene.

Nils Tveit skal ha sin store lut av æra for at Os no står så vidt bra kulturelt, sosialt og økonomisk. — Det skulle vera stortingsval att i 1949, og mange undrast på om han tok imot attval. Almenta fekk ikkje svar, men til nokre få av venene sine sa han at han kom til å svara nei om det kom på tale. No ville han ta det rolegare og dyrka dei mange andre hugmåli sine. Men det skulle gå onnorleis. Brått og uventa døydde han i Oslo den 13. juli 1949 i heimen til yngste dotteri. Eit rikt og arbeidsfyllt liv var slutt, ein mann som bygde og bøtte var borte. Eit stortre i Vestlandsskogen fall. Mannen og verket var til æra for heimbygd og landslut. Bygdesorgi var djup og ekte, det tedde tydeleg på frammøtet og kransane gravferdsdagen. På gravsteinen bygdefolket reiste over han står: "Reist av Osbygdi i djup takk for gjævt arbeid".

Me kan med god grunn undrande spørja: Korleis kunne ein mann makta alt dette — og med så liten skulegong? Grunnane er nok mange, men eg trur løyndomen mykje låg i dette: Allsiduge og rike evner. Arbeidskraft, arbeidsvilje og arbeidsglede åtte han meir av enn dei fleste. Store kunnskapar hadde han eigna til seg på eigi hand. Han nytta tidi godt, fritid kjende han lite til gjennom heile livet. Han arbeidde lett og fort, gjekk opp i arbeidet med heil hug, og kunne likevel leggja det frå seg i ein fart og gå over til noko anna. Som få lærde han kunsten å kopla av. Han trong uvanleg lite svevn, men kunne ta seg ein stutt lur når og kvar han ville. Av lynne var han realistisk optimist, såg ljost på livet, og let ikkje lett noko gnaga på sinnet. Visst kunne han ein sjeldan gong harmast og fara opp, men det gjekk snart over og fekk ikkje setja merke. Småting let han vera for det dei var og hadde lett for å finna inn til kjernen i ei sak. Om ho såg flokut ut og dei fleste ingi løysing øygna, Nils Tveit fann henne jamnast. Og dei gløgge varme augo hans lyste når arbeidet lukkast. Dei brå rørslene og den rappe tanken vitna om kraft og liv. Han var positiv og praktisk, sakleg og høvisk i ordskifte og difor lett å arbeida saman med. Såleis vil Nils Tveit leva i minnet vårt som fekk den gleda å arbeida i lag med han.