Eide

 

 

 

  1. EIDE.

 

Gardsnamnet er det gamalnorske eid, eit lite jordstykke millom tvo vatn e. I. Skavhella hev fenge namnet sitt av ei hella, eit flatt berg eller ein annan liten flate, der ein hogde skav eller samla ihop skavveden til bruk for vinteren.

Uttale: Ei’e. Skrivemåtar: Eide (1519), Heide (1563), Eie (1591), Eye, Øydt (1612), Ner Eide, Neder Eid, Nor Eye (1657), Eyde, Eiede, Eede.

Garden ligg i Hegglandsdalen på eidet millom Hegg~ landsvatnet og Tveitavatnet, på sørsida av clvi og dalen. Skavhella ligg på den andre sida av åsen mot Fusafjorden. Eide hev stødt vore Lyseklostergard tildess brukarane kjøpte i 1874.

Or gamle matriklar og teljingar:

1668: Saar 3’/2 stadtztønder, afler 16 tdr., god agger og eng sampt udmarch, med bielehe og sperreskoug, paalagt at opskiere sine myrrer og forbedre sin jord, hafe homble~ hagge. 1723: Ingen sætter, men skoug til huusreparation og brendefang samt noget at selge, ingen qvern eller fiskerie, een meget vaadlehn og kold jord, maadelig letvunden. Næ~ rer sig af sin gaards auf I ved hjelp af skougen til sine ret~ tigheders betalling. 1865: Nedre Eide: Har 11 maal dyrket ager og eng, hvoraf 6 maal godt, 1 middels og 4 slet, har 107 maal naturlig england, hvoraf 12 maal godt, 41 middels og 54 slet, 16 maal af englandet kan dyrkes. Har skog til husbrug og sælger birk og older for 7 spd. aarlig, føder i ungnød ved lyng og skav, er middels letbrugt og mindre godt drevet. Gaarden lider af rimfrost og en elv gjør tildels skade. Skavhellen: Har 1 og et halvt maal dyrket ager og eng som er slet, har 18 maal naturlig england, hvoraf intet godt, 3 maal middels og resten slet, intet er dyrkbart. Har kun skog til brende, føder 1 ko ved skav og beit, er tungt at bruge og almindelig drevet, har slet baadlanding.

 

Busetnad og buskap.

Hus- Menne­lydar. skje.

1657  1
1668  2
1723  2
1800  2
1835  3
1865  3
1900  3
1920  5
1930  4
1939

14

22

26

22

21

16

Hes- Stor- Sma- Gjei- Svin. tar. fe. ler. ter.

1      10        6
i       16        6
2      13      12

2      16      24
2      27      50
3      18      28
4      17      18
3      21      29
5      24      29

Utsåd          Utsåd

korn.       poteter.

8

6

3.5 tun.

        5.5

      6     »       3     tun.
2    10.5 ~   14     ~
2    10.5 hl. 22     hl.

14 25     mål 5.5 mål

4      8 » 4.2

5     4          » 8

EIDE 1.

 

Tore pa Eide var brukar i 1519 og er fyrste mann som me finn namngjeven på garden.

Torstein Eide var brukar i 1563 og hadde garden radt til 1600. Av huslyden hans kjenner me herre sonen Ola, s. n., og ei dotter som me ikkje veit namnet på, s. n. Torstein hadde bruket saman med dottermannen i 1605, ~nen seinare høyrer me ikkje um han.

Ola Andersson vart gift med ei dotter åt Torstein ikr. 1600 og fekk då bygsla bruket etter verfaren. Ola er tvil~ laust son åt Anders Reistad, som var brukar på Reistad i Samnanger 1563, og han hadde odelsrett til Reistad. Namnet på kona åt Ola veit me ikkje, og av borni kjenner me herre sonen Anders, f. ikr. 1603, s. n. Ola hadde vore gift fyrr han kom til Eide, og kannhenda er Mons Heggland, s. H. 1, son hans frå fyrste giftarmålet. 11610 vart verbroren Ola Torsteinson brukar saman med Ola Andersson, som då vart kalla ~Gamle~Ola~ til skilnad frå den andre. Dren~ gjen deira, Mons Eide, vart utskriven til herferdi mot Sve~

rik i 1611 og måtte til grensa saman med dei andre osingane. 11612 flutte Ola Andersson til Reistad i Samnanger og bu~ sette seg der, men kom att til Eide seinare, s. n.

Ola Torsteinson Eide vart brukar saman med verbroren i 1610 og fekk garden åleine i 1612. Han vart skriven for ))Unge:Ola(( til skilnad frå verbroren. Ola var gift, men kven kona var, veit me ikkje. Han døydde alt i 1617.

Ekkja etter Ola hadde so garden nokre ar.

Ola Andersson Reistad, »Gamle~Ola~, som fyrr hadde havt garden her, kom attende til Eide i 1620 og vart brukar pånytt. Ola sat godt i det og åtte m. a. halve Reistad. Han var no brukar på Eide radt til han døydde i 1645. 11625 og 1626 budde han på Moberg og var då nemnd som lensmann, s. 1. M. 2.

Anders Olson Eide, f. ikr. 1603, fekk bygsla bruket i 1632, men var brukar saman med faren so lenge han livde. Kona åt Anders heitte Brita, men meir veit me ikkje um henne. Av borni kjenner me: Anna, f. ikr. 1640, Nils, f. ikr. 1646, s. n., Ola, f. ikr. 1648, var blindfødd. Johannes Lien, s. L. 1, var tvillaust ogso son hans. Anders sat godt i det likeins som faren. Han arva halve Reistad etter faren, og i 1646 kjøpte han ogso den andre halvparten som fyrr var ått av Lars Heggland, s. H. 2. Anders hadde jamt tvo drengjer og tvo tauser på garden, og han var ein mykje vyrd mann i bygdi. Den eine drengjen, Nils Monsson, vart utskriven til hertenesta og var med i ufredane i 1660—70 åri. Kona i huset døydde i 1670 åri, og Anders gifte seg att i 1678 med Kristi Ols dtr. Hovland, f. ikr. 1655. Han flutte då til Hovland, der han døydde i 1683.

Nils Andersson Eide, f. ikr. 1646, bygsla bruket etter faren i 1670. G. ikr. 1768 Anna Ols dtr. Sørstrønen, f. ikr. 1640. (Under Sørstrønen stend ved eit mistak at ho var gift med Ola Eide), Born: Marta d. e., f. 1670, g. 1691 Ola Bjånes, s. Midthus 1, Ola, f. 1671, g. 1692 Kari Heggland, s. H. 2, Marta d. y., f. 1675, g. 1697 Lars Hauge, s. H. 1, Brita, f. 1677, s. n. Tvo born døydde unge. Nils var ein velstands~ mann, og umframt Reistad, som han for det meste hadde arva etter faren, åtte han ein part av Sørstronen som han hadde fenge med kona si. Saman med fleire andre åtte han ogso eit bruk i Koldal, men dette selde dej til brukaren i 1705.

678

 

                                               Dei einskilde gardane.                                               Eidc.                                               681

 

Heile Eide vart i hans tid verdsett til 70 dalar. Nils døydde i 1724 og kona i 1729.

Ola Nilsson Langeland frå Samnanger, f. 1682, vart i 1701 gift med Brita Nils dtr. Eide, f. 1677, og fekk same året bygsla bruket etter verfaren. Dci stjorna elles bruket ihop dei fyrste åri. Born: Brita, 1706, s. br. 2, Nils, f. 1721, g. 11744 Barbru Tomas dtr. Sædal, g. 111762 Anna Jons dtr. Dale, b. Reistad i Samnanger, s. 5. B. 337. 11723 fekk Ola skøyte på Reistad av verfaren og Ola Lien, som åtte noko i denne garden, og i 1739 kjøpte han meir av Arne Kvernes og Ola Frøland. I 1730 flutte Ola sjølv til Reistad og vart brukar der, s. 5. B. 336.

Eide vart skift i tvo partar medan Ola var brukar her,

  1. br. 2.

Hans Larsson øpstad f rå Fusa, f. 1697, bygsla bruket her i 1730 då Ola flutte burt. G. 11731 Ragnhild Ols dtr. Foer frå Fusa, f. 1700, d. 1749, g. 111749 Gunhild Lasses dtr. øpstad, f. p. Gaupholm 1716. Born: Ola, f. 1732, d. ug. i Strandvik 1763, Lars, f. 1742, stod i hertenesta 1761, Lasse, f. 1750. Hans sat sverande tungt i det, og ved skiftet etter han var skuldi hans større enn verdet av alt det han åtte. Då han døydde og kona gifte seg att, måtte borni reisa ut, og mc finn ikkje dci tvo yngste sonene att i bygdi. Hans døydde i 1751.

Ekkja Gunhild Lasses dtr. hadde so bruket eit par år.

Samson Pederson Berge, f. 1730, vart i 1751 gift med ekkja Gunhild Lasses dtr. og fekk bygsla bruket. Born:

Hans, f. 1754, g. 1791 Gjertrud Steffens dtr. Bo, b. Åsen (Ruråsen) under Steinsland i Samnanger, s. 5. B. 482. Sam~ son døydde alt i 1754.

Då Samson kom til Eide, hadde bruket hans desse husi:

Ei roykstova med skot attåt, ei matbud med ein timbra kove, vedskytja, stall, ei timbra løda med fjos, eit sauehus ved bøgjerdet og eit mura sauehus på Stolen. Desse rådde Sam~ son over åleine. Men han hadde like mange hus ihop med grannen: Ei sengebud med skot og baksval, eldhus, løda, utløda, eit timbra naust og ei kvern i Hegglandselvi. Den gamle gardstova, som grannen budde i, åtte ogso dette bru~ ket helvti av, men dci tvo bruki rådde over kvar si sval og kvar sin timbra kove som var bygde attåt gardstova.

Ola Hansson Midtsæter, f. 1721, vart i 1755 gift med ek~ kja Gunhild Lasses dtr. og bygsla bruket same året. Born:

Ragnhild, f. 1756, s. n., Samson, f. 1758, g. 1792 Kristi Hauge,

  1. Gjemdal 3, Marta, f. 1762, g. 1791 Anders Bo, s. Bo 3. Ola dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han og grannen hadde fenge kvar si kvern i Hegglandselvi i 1770 ari. Då sonen vart busett på Gjemdal, flutte Ola og kona med han og vart ogso buande der. Ola døydde på Gjemdal 11804 og Gunhild i 1796.

Kristen Arneson Heggland, f. 1752, vart i 1786 gift med Ragnhild Ols dtr. Eide (syskinborn), f. 1756, og fekk året etter bygsla bruket etter verfaren. Ragnhild døydde alt i 1788, og Kristen gifte seg att næste år med Brita Nils dtr. Berge, f. p. Gaupholm i Samnanger 1763. Born: Ola d. e., f. 1787, s. n., Ragnhild, f. 1790, g. 1810 Jon ytre Lekven, s.

  1. L. 1, Marta, f. 1798, g. 1816 Nils indre Lekven, s. i. L. 1, Ola d. y., f. 1802, d. 1810. Kristen vart utskriven til kyst~ vernet i 1804, og var ein av dci få som fekk byrsa til verja. Han var ein drivande kar som dreiv sterkt med sjøen, og han arbeidde seg fram til ein velstandsmnan. Kona hans hadde eit sylvbelte og eit sylvkjede, som ihop var verd 2 kjyr, men av bøker hadde han i huset berre eit liti bønebok. Trekjeipingen hans vart verdsett i skiftet etter siste kona til 11/2 kuverd og tvo koparkjelar til 21/2 kuverd. Han hadde då 7 kjyr på båsen. Kristen døydde 11832 og Brita i 1810.

Ola Kristenson Eide, f. 1787, bygsla bruket etter faren i 1811. G. 1811 Kari Hans dtr. Hatvik, f. 1784. Born: Kristen, f. 1812, d. ug. 1836, Ragnhild, f. 1814, g. 1839 Nils Bo, s. Bo 5, Ingeborg, f. 1815, g. 1843 Tomas Ovreide, s. 0. 1, Hans, f. 1817, s. n., Kristi, f. 1821, g. 1846 Elias indre Moberg, s. i. M. 3. Tre born døydde unge. Ola vart utskriven til her~ tenesta i 1808, men mc kan ikkje finna ut um han kom med i ufreden 1808—14. Han dreiv med sjøen likeins som faren og arbeidde seg fram til å verta likaste bonden i byg~ di. I 1806 var Ola og granneguten Nils på bytur, då dci berga Karl Nordstraumen, som hadde kollsigna, og fekk på~ skyning for det. Ola døydde 11842.

Ekkja Kari Hans dtr. hadde bruket eit par år etter at mannen fall frå. Ho døydde i 1850.

Hans Olson Eide, f. 1817, bygsla bruket etter mori i

 

682                                    Dei einskilde gardane.

  1. G. 1846 Jngeborg Hans dtr. Tøsdal, f. 1827. Dci fekk ein son som døydde tidleg. Hans døydde alt i 1855.

Ola Jørgenson Lyssand, f. 1828, vart i 1856 gift med ekkja Ingeborg Hans dtr. og fekk bygsla bruket. I 1874 kjøpte han det av Lysekloster for 700 spd. Born: Hans, f. 1858, s. n., Agata, f. 1860, g. 1886 Engjel indre Moberg, s. i. M. 4. Ola dreiv smedarbeid og ymse trearbeid attåt gards~ bruket. Han hadde mange tillitsyrke i bygdi, og var m. a. takstmann, valmann m. m. og sat heile 15 år i heradstyret. I 6 år var han varaordførar og møtte fleire gonger på fylkes~ tinget, s. 0. B. I 590, 910 o. fl. st. Huset brann upp i brudlau~ pet åt Ola, og han bygde huset som no stend på tunet. Ola døydde i 1917 og Ingeborg i 1909.

Hans Olson Eide, f. 1858, skøytte farsbruket i 1882. G. 1882 Marta Mons dtr. Lyssand, f. 18.60. Born: Ola, f. 1883, s. n., Mons, f. 1885, g. 1913 Erikka Olsen, s. Osøyri 26, Inge~ bor g, f. 1889, g. 1917 fabrikkstyrar Jørgen Jakobson Sveen,

  1. Bergen. Hans var smed likeins som faren og hev ogso vore dreiar og drive anna trearbeid. Han hev vore ein mykje nytta utskiftingsmann og har havt mange kommunale yrke i Osbygdi. Frå 1902 til 1913 var han medlem av heradstyret og var ordførar dci 3 siste åri, s. 0. B. I 580, 593, 594, 707 o. fl. st. Attåt dette hev han vore overformyndar i nær 50 år.

Ola Hansson Eide, f. 1883, fekk skøyte på farsbruket i 1913. G. 1908 Anna Kristians dtr. Skjeie, f. 1884. Born:

Hans, f. 1908, s. n., Kristian, f. 1910, g. 1936 Olina Karls dtr. Storøy frå Herøy, b. Fjelltveit i Fana, Martin, f. 1913, bygg~ meistar, Leif, f. 1915, bygningsnikkar, Ingrid, f. 1919, Olav, f. 1923, trearbeidar, An fin, f. 1928. Ola var likningssekre~ tær i mange år. 11934 let han bruket frå seg til sonen og flutte til Kuven, s. K. 29, der ein finn meir um han.

Hans Olson Eide, f. 1908, skøytte bruket etter faren i 1934 og hev det no. G. 1937 Maria Peders dtr. Rød, f. 1905. Hans er trearbeidar og driv no møbelfabrikk. Han hev ogso ei tid vore vegvaktar.

Eide.                                                        683

EIDE 2.

 

Nils Åmundson Hauge, f. 1692, vart fyrste brukar her då Eide vart skift i tvo partar ikr. 1624. Nils fekk bygsla denne parten etter verfaren, s. br. 1. G. 1725 Brita Ols dtr. Eide, f. 1706. Born: Åmund, f. 1727, g. 1760 Brita Johannes dtr. Holdhus i Samnanger, s. 5. B. 245, Ola, f. 1729, g. 1756 Lisbet Ols dtr. Helland, b. Steintveit i Samnanger, s. S. B. 380, Simon, f. 1730, d. 1745, Nils, f. 1732, g. b. i Kjøpenh’amn, Brita, f. 1734, g. 1768 Lars Torbjørnson Vafet i Fusa, Anna, f. 1740, g. 1773 Lars Hansson Steintveit i Samnanger, s. S. B. 385, Klaus, f. 1744, g. 1774 Brita Jons dtr. Holdhus i Samn~ anger, s. 5. B. 243, Lars, f. 1746, g. 1772 Anna Nils dtr. Reù stad i Samnanger, s. S. B. 343. Nils sat godt i det, og m. a. åtte han noko jord i Reistad og i Sørstrønen. 11734 flutte han til Reistad i Samnanger og busette seg der, s. 5. B. 343. Nils døydde der i 1769 og kona i 1774.

Nils Olson Kvernes frå Samnanger, f. 1696, bygsla brug ket her då fyremannen flutte burt i 1734. G. 1731 Marta Haugnes dtr. Høysæter frå Samnanger, f. 1704. Born: Haug~ ne, f. 1735, g. 1765 e. Kristi Nils dtr. Vinnes f rå Strandvik, Ola, f. 1738, s. n., Lisbet, f. 1741, g. 1765 Lars Bø, s. Bø 6. Nils sat ikkje lett i det. Han døydde i 1772 og kona i 1782.

Då Nils var busett her, hadde han desse husi: Ei mab bud med skot, eit stabur, ei vedskytja bygd attåt matbudi, eit fjos, ein stall bygd attåt løda, tvo sauehus ved bøgjer~ det, og ein liten timbra kova som var bygd attåt grannen si røykstova. Den gamle gardstova, som Nils budde i, åtte begge bruki ihop, men som nemnt rådde Nils heilt over ein kove og ei sval attmed stova. Sengebudi, eldhuset, løda, utløda, naustet og ei kvern i Hegglandselvi hadde begge grannane ihop. Nils fekk seg elles eigi kvern i HeggIands~ clvi fyrr han døydde. Alle husi på bruket var i framifrå stand.

11752 vart det halde ettersyn over skogen på Eide, og dci fann då at det var skog til stavar, upplengjor, sperror og nokre få sagstokkar. Det var bjørkeskog nok for tur% vande næverflekkjing til tekkjing av alle hustak på garden, og olderskog nok til ved. Skogen var skift millom bruki i 1726, nett etter at garden var skift, og bruk 1 fekk velja og

 

684                              Dei einskilde gardane. Eide.                                        685

 

tok det beste. Men karane på det bruket hadde hogge skogen ut. Nils Amundson og Nils Olson hadde derimot fare fint med skogen på bruk 2, so at «skoven fremdeles stoed i skiøn og florisant stand fordi brugerne her med bedre forstand og meere ømhed havde øvet hugster.~ Det var gjerde millom Eide og Lien og noko gjerde millom Eide og Berge. I skiftet millom Heggland og Eide var nedsett merkepålar og skiftesteinar.

Ola Nilsson Eide, f. 1738, bygsla bruket etter faren i 1778. G. 11774 Agata Eivinds dtr. ytre Moberg, f. 1738, d.

1787, g. 111788 Brita Mons dtr. Havskor frå Fusa, f. 1764.

Born: Marta d. e., f. 1775, g. 1811 Knut Øvreide, s. 0. 1, Eivind, f. 1776, g. 1805 Brita Søvik, s. S. 2, Nils, f. 1780, g. 1802 Ingeborg Haldors dtr. Nordvik frå Samnanger, b. Åd~ land i Fusa, Guro, f. 1782, vanfør, b. Adland, Mons, f. 1789, s. n., Marta d. y., f. 1792, g. 1813 Johannes Haukeland, s. øvre Rød 2, Agata, f. 1797, g. 1830 Nils Knutson Krokeid i Fana, s. F. B. 609, Brita, f. 1804, g. 1835 Hans Kuven, s. K. 5. 5 born døydde unge. Ola dreiv med sjøen likeins som grannen og sat godt i det. Han døydde i 1828 og siste kona i 1839.

Mons Olson Eide, f. 1789, bygsla bruket i 1814. G. 1816 Brita Hans dtr. Bjånes, f. 1794. Born: Hans, f. 1819, g. 1847 Sesilia Ols dtr. Skoldal frå Haus, b. Dyngjeland i Fana, s.  F. B. 412, Ola, f. 1820, g. 1850 Marta Engjels dtr. Håvik frå Strandvik, b. Lindås i Vale’strand, Marta, f. 1824, g. 1856

Ola Molda, s. Heggland 6, Haugne, f. 1825, s. n., Brita, f. 1828, g. 1858 Nils Leganger, s. Molda 6. Malena, f. 1831, g. 1855 Hans Bjånes, s. B. 1, Kari, f. 1834, g. 1866 Annanias Ovredal, s. 0. 3, Anna, f. 1839, g. 1864 Anders Hauge, s. H. 3, Magdela, f. 1843, g. 1866 Lars Simonson Døsen. Tvo born

døydde unge. Mons dreiv fiske likeins som faren. Han vart utskriven til hertenesta i 1810 og var med i ufreden 1810 —1814. Mons døydde i 1874 og Brita i 1865.

Haugne Monsson Eide, f. 1825, vart brukar etter faren i 1855 og kjøpte bruket av Lysekloster i 1874 for 700 spd. G. 11853 Guro Engjels dtr. Håvik frå Strandvik, f. 1828, d. 1861, g. 111862 Anna Anders dtr. Helland frå Fusa, f. 1824. Born: Brita, f. 1854, hushjelp, d. ug. ikr. 1890, Engjel, f. 1856,

  1. ug. 1905, Magdela, f. 1858, s. n., Anna, f. 1865, meierske, seinare fabrikkarbeidar. 3 born, millom dei eit tvillingpar, døydde unge. Haugne var -bøkkar og bygningsmann. Han døydde i 1890 og siste kona i 1897.

Isak Haldorson Lønningdal, f. 1837, vart i 1877 gift med Magdela Haugnes dtr. Eide, f. 1858, og fekk same året skøyte på bruket etter verfaren. Born: Malena d. e., f. 1878, d. 1898, Guro, f. 1880, g. gardbrukar Jon Kvernmoen, Tolga i Øster~ dalen, Haldor, f. 1882, s. n., Anna, f. 1885, hotellgjenta, b. Bergen, Brita, f. 1887, sjukesyster, Hogne, f. 1890, g. 1917 Inga Bø, s. Hauge 23, Ingeborg, f. 1892, lærarinna, b. Laksevåg, Malena d. y., f. 1895, g. målar Bendiksen frå Oslo, i Amerika. Eit barn døydde tidleg. Isak var sjømann og reiste mykje med nordlandsfarty fyrr han kom til Eide. Han døydde i 1928 og kona i 1936.

Haldor Isakson Eide, f. 1882, skøytte farsbruket i 1909 og hev det no. G. 1908 Malena Ols dtr. Heggland, f. 1882. Born: Anny, f. 1909, g. 1932 prest Einar Tuvin, b. Fana, Ingvald, f. 1912, agronom, Hilda, f. 1914, g. 1934 bakar Alf Dyrkolbotn, b. Fana, Anders, f. 1917, trearbeidar. Haldor hev gjenge landbrukskulen og driv berre med gardsbruket.

 

 

EIDE 3 (Skavhellen).

 

Johannes Olson Bø, f. 1773, bygsla i 1818 eit stykke ut~ mark ved Fusafjorden av Eide og rydja og bygde her. G. 1818 Marta Peders dtr. Svensdal f rå Samnanger, f. 1887. Born: Nils, f. 1822, s. n., Peder, f. 1825, d. ug. 1854, Ola, f. 1827, g. 1864 Brita Mæland, s. Bø 8, Mari, f. 1829. Ein gut døydde ung. Johannes dreiv fiske o. a., men sat sverande smått i det. Han døydde i 1872 og kona i 1873.

Nils Johannesson Skavhellen, f. 1822, bygsla bruket etter faren i 1861, då det vart serskilt skyld’sett. G. 1851 Abigael Simons dtr. Heggebø frå Gaular, f. 1818. Born: Simon, f. 1851, handelsmann, g. 1873 Anna Helena Amundsen, b. Ber~ gen, Anna, f. 1854, g. 1873 Peder Tveiterås, s. Nordstrau~ men 2, Sesilia, f. 1856, g. 1881 Fredrik Lunden, s. Heggland

  1. Ingeborg, f. 1859, s. n., Nikolai, f. 1861, s. n. Nils var sjømann og jakteskippar i sine unge dagar og dreiv seinare med trearbeid. Nils døydde i 1901.

Ekkja Abigael Simons dtr., var busett på bruket frå man~ nen døydde til ho fall frå i 1904.

 

Nikolai Nilsson Skavhellen, f. 1861, var brukar saman med faren ei tid. G. 1889 Guri Johannes dtr. Herland f rå Hosanger, f. 1867. Born: Alf red, f. 1890, målar, b. Krokeid, Nils Johannes, f. 1892, sjømann, g. 1917 Anna Nils dtr. Tyssebotn frå Hosanger, Annanias, f. 1895, målar, b. Salbu

i  Fana. I 1894 flutte Nikolai med huslyden til Krokeid i Fana, der han sidan er buande, s. F. B. 610. Kona døvdde i 1938.

Nils Hansson Garvik (Balland), f. p. Ulven 1841, vart i 1899 gift med Ingeborg Nils dtr. Skavhellen, f. 1859, og bu~ sette seg her hjå verfaren. Då vermori døydde, flutte Nils attende til ytre Drange, der han fyrr var busett, s. y. D. 8. Sjå um han og huslyden hans under Balland 2.

Bruket fall so attende til hovudbruki på Eide og huset vart flutt burt.