Voksterlivet i Os

Voksterlivet i Os

UM VOKSTERLIVET I OS.

Av Olaf Hanssen.

Heimbygdi vår, som ligg so nærmundes Bjørgvin og lett å fara til og frå, hev lite vore gjesta av sovorne som granskar voksterlivet og tilhøvi, korkje av norske eller framande vitskapsmenn. Dei som hev vore her hev berre gjesta bygdi på gjenomreis til andre stader.

Den fyrste, som me hev greida på, er den namngjetne presten Søren Christian Sommerfelt (f. 1794, t 1838; i sine siste år prest til Asker og Ringebu). I sumarfritidi gjorde han lange ferder kring i ymse landsluter for å granska plantelivet. Han reiste gjenom Os 1827, og um ferdi skriv han 1):

"Henimod Ous Kirke bliver Egen hyppigere og efter at Veien bortenfor den dreier sig lige i Øst, bliver det meget frugtbarere og frodigere, formodentlig fordi det ligger mere afsides fra Havvindene:

 

1) Magazin for Naturvidenskaberne i 1828. Hefte 1. Band 9, s. 13.

       Sorbus hybrida                            Corylus,
        Viburnum,                                  Cornvallariæ,
       Rhamnus Frangula,                     Carduus heterophyllus,
       Pyrus Malus,                               Iris pseudacorus,

og første gang: Aspidiurn Oreopteris1).

 

Jeg overnattede i Hatvigen, det dårligste og mindst gjestmilde Sted, jeg traf. I Lien ned mod Søen særdeles drivende Vegetation, hvoriblandt Primula acaulis, AlIium ursinum, Garn panula latifolia, med hvide Blomster, Clinopodium2). Parrnelia herbacea3)."

Den næste, som vitjar Os, er forstmeistar J. M. Normann (f. 1823, † 1903) ein av del mest dugande plantegranskarar landet vårt hev fostra. Han hev skrive um "en Botanisk reise i et strog av kysten mellem Stavanger og Bergen"4) og då det gjev eit framifrå bilæte av plantelivet  —  noko av det beste som i det heile er skrive tek eg det med:

-- "hvorpaa jeg seilede nordover til Kvaløerne, en lille gruppe av smaa øer, nær fastlandet ved Oos. Disse smaa øer bestaae av en los skifer, som i meget steile styrtninger sænker sig ned i søen, og derved giver anledning til usædvanlig frodig kratdannelse, der i et næsten kontinuerligt belte beklæder bakkerne lige ned til vandspeilet, og omgiver sundenes og vikenes indelukkede, indsøstille vande med en vegetationsramme, som man ei skulde vente at finde ved en havkyst, men kun en indsø. Nyperoser, Brombær, Viburner, Christtorne, Hassel, Haftorn og buskagtige løvtrær, omslyngede med den vilde Caprifolium (Lonicera Periclymenum), som opfyldte luften med sin stærke vanilleduft, alle disse syntes ved sin frodighed at ville fortrænge hinanden, idet deres grene voksede isammen til en ofte ganske ugjennemtrængelig kratmasse, hvis tæthed og yppighed skulde have gjort et langt sydligere landskab ære. Hvor krattet paa enkelte pletter aabnede sig eller hvor det ophørte i den øverste kant af brinken, vare disse beklædte med Triticurn caninum, Carex sylvatica og Brachiopodium

______

1)  Bregni: Aspidium montanum.

2)  Calamintha Clinopodium.

3)  Ein lavart, som no vert kalla Lobaria laetevirens

4)  Nyt Magazin for Naturvidenskaberne 1855. Band 8, s. 264—65.

______

sylvestre eller med selskabelige masser av Luzula maxima, som i udkanten af krattet udelukkende dannede græsteppet, et beundringsværdigt græsteppe fremgaaet af de unge bladrosetters gigantiske brede, lysegrønne og hvidfarvede blade, medens den meer end alenhøie brunlige og halvvisne stængsel bugnede under væksten af en i det uendelige sammensat ligesaa riig som fiint bygget Inflorescents1). De ganske lodrette skifervægge vare lige saa lidt nøgne som de omtalte bakker. Kvarteerbrede, svampede og aldeles fladtrykte efter klippevæggene formede vedbende stammer, ofte bedækkede med nøddestore klumper af udvældet harpix, klinede sig fast til skiferen som de beklædte med sine kroners tætte espailler av glinsende, tungetdannede blade. I det indre av vikene optraadte et marinsk dynd, hvorpaa strand- og dyndplanter, som lris Pseudacorus, Callitricher og Tripolium, levede i selskab.  --  Jeg bemærkede her flere vexter, som jeg ei tidligere havde stødt paa i skjærgaarden, som f. eks. Carex Remota, den for vaart land saa sjeldne Festuca sylvatica og Callitriche stagnalis er ny for vor flora, uagtet den er angiven for Norge i Summa vegetabilium Scandinaviae Fr.2) ligesom flere andre, der neppe er fundne her. Efter at have forladt Kvaløerne gjorde jeg nogle udflugter paa fastlandet omkring Oos, hvor vild Humle og Paris qvadrifolia, som aldrig bemærkes i skjærgaarden, viste sig."

 

Han rekna so upp ymse av plantefundi sine, og dei flestre finn ein att den dag idag i Os.

       Arabis Thaliana*,                        Gallitriche stagnalis,
       Cardamine hirsuta,                     
i en mudderpol.
        Skyggefulle steder —                  San icula europæa,
        
løvskog og krat.                         Buniurn flexosum3),
       Sagine stricta*,                            Asperula ordorata,
       Sagine nodosa,                            Stachys sylvatica,
       Sagine maritima,                         Salicornia herbacea
       Rubus suberectus,                        Hurnulus Lupulus*,
       Agrimonia Eupatoria*,               
ved Os.
       Sorbus Aria*,                              Orchis morio4),

                                                               et eksemplar.

 

_____________

   1)  Blomsterstand.

2)  Vidgjete latinsk botanisk verk av professor i Uppsala Elias Fries.

3)  Conopodium flexosum. 0. H.

4)  Må vera: Orchis mascula. 0. H.

 

______________

 

Epipactis latifolia*,                            Carex vulpina,

Iris pseudacoris,                                  på stranden

Allium arenarium* 1),                        Calamagrostis epigeios,

Luzula maxima1),                                Festuca .sylvatica

Carex digitata,                                    i fyrreskog.

dårligt eksemplar.                           Brachiopodium sylvaticum*

Carex leporina                                    i krat.

Carex remota,                                     Aspidium anulare,

 Carex sylvatica,                                 Sparganium simplex,

                                                            Melissa Clinopodium1)*.

 

*) Ei stjerna er sett ved dei arter, som ikkje er so lette å finna her. 0. H.

 

Sidan Normann reknar upp H u m I e (Humulus Lupulus) høver det med det same å nemna, at denne endå finnst på tvo stader i Os. Ved Mobergelvi, "K j ø l n o", (ved Fargar Tvedt si stampa) og på garden L i e n. Her er vel dei siste leivderne etter humlehagarne i heradet.

(Etter at Noreg vart sameint med Danmark kom der eit pålegg frå riksrådet av 4. desember 1490, der det vart påbode at kvar bonde mot ei bot av 6 øyre årleg, å halda 6 humlesenger ("Humlakula")2). Og for å fremja humledyrkingi i Bjørgvin bispedøme sette "Det Bergenske nyttige Selskab" i Bjørgvin upp ein premie på 6 riksdalar for "den bonde eller husmand, som i året 1781 avle den største og bedste mengde god og forsvarlig humle, plantet 1778 og avlet 1781, ikke mindre end to voger").3).

I 1870 åri dreiv forstmeistar A. Gløersen botaniske etterrøkjingar4). Dr. Jørgen Brunchorst botaniserte i Os som ung student i slutten av 1880 åri. Professor Axel Blytt, Oslo, var her ei snøggferd 1897 (5)). Dei siste åri er det serleg professorane Jens Holmboe, Oslo og Rolf Nordhagen, Bjørgvin, som hev gjort stuttare og lengere ferder hertil. Ein oslomann, amanuensis R. E. Fridtz, var her i 1908 og samla noko.

Ein, som hev samla mange plantor i Os, er skulestyrar cand, theol. Jan Greve, f. 1840 † 1926, Bjørvin. Han var

 

____________

1)  Allium vineale Luzula silvatika. Calamintha Clinopodium. Både Som­merfelt og Normann nemner denne siste blomen. Likevel hev eg endå ikkje kome yver han 1/8 26 0. H.

2)  Diplomatarium Norvegicum: II nr. 963 s. 708.

3)   Professor Schübeler: Viridarium Norvegicum B. H s. 546

4)   Professor Schübeler: Viridarium Norvegicum. B. II s. 246 og 414.

  • Han fann m. a. ved Solstrand: Holcus lanatus f. a r g e n t e a og på ein steingard ved Os prestegard: Saxitraga Sponhemica tvo sjeldsyrite plan­tor, ikkje seinare attfundne.

__________

 

son til Ospresten Georg Greve og dreiv i sumarferiarne, serleg 1902 -- 1914 mykje med planteleiting og fann ymse sjeldsynte slag. Hans samling er no på museet i Bjørgvin. Det er han som har planta Greve-granerne, som stend i prestegarden. (Segni um, at det var dei 3 brørne, prestesønerne Greve, som planta kvar sitt tre, er ikkje litande1).

 

Bilde o1-67-1

Sermerkt form av Ljos-or (Alnus incana D. C. f. laciniata). Krekjen,

Tveitevatnet, Hegglandsdalen. Foto 306 1927.

 

 

Bilde o1-67-2

Iglavatneiki. Ytre Haugland, Os Sisselrot (Polypodium vulgare L.), Einer(Juniperus Comunis) og Blåbærris som epifyter. Naturfreda 9/11 1923.

 

 

 

Skal ein skriva um plantevokstren i eit heilt herad, må ein sjå på dei ymse vokstra-slag, som hev eigna seg bustad og fenge rikaste og vidaste lendet. Plantorne hev lett for å skipa samlag. Eine vokstren hev hin i fylgje. Dei mætaste vokstra-s1ag  -- trei -- skipar det største plantesamfund -- skogen, som under sine krunor, sin "himel", gjev livd og trygd og voksterhøve for andre planteslag, som eineren, lyngen, bregnor og blomar -- heilt ned til mosen og lavi (stein- og tremosar). Desse mindre romfræge vok~

 

_______

1) «Naturen» 1924 s. 221. Uppattprenta i «Morgenavisen», Bjørgvin  11/8 1924.

 

 

strar skipar seg til i skogen etter greide måtar. Eine gjeng ikkje mykje i vegen for hin. Ein stad briskar «brakjen» seg, ein annan stad lyngen, og andre stader graset og dei ymse villblomarne. Det er ikkje alle skogstré, som gjev like voksterhøve for dei mindre vokstrar. Med andre ord: Alle trei er ikkje like gode herrar i skogen. Det er dei tre, som er minst kravsame og mest ljoskjære, som skapar beste livshøve for småvokstren, og soleis også gjev menneskja det mest verdfulle.

Naturi hev gjeve heradet vårt nokre av dei beste treslag, soleis: Fura og bjørki. Skal me tala om skog i grendi vår, vert det Fura, som er basen. Og langsmed liderne er det Bjørki, som råder. Her er rikeleg av lj o s - older og svart-older. Imillom desse kjem so andre tregruppor, som hatl, osp, ask, hegg, raun, selja (fleire slag) og e i k. Frametter urdarne og utpå bergufserne kann veksa store, krokute stuvar av aøm og lind. Dei kann hava reint rare skap sume tider. Spreidd her og kvar vil ein reint høvesvis finna T r o 11 h e g g (Rhamnus Frangula), K r o s s v e d (Viburnurn opulus), H a g t o r n (Cratægus monogyna), Villapal (Pyrus malus) og K r i s t t o r n (llex aquifolium). På eit par stader - Innderøyarne - veks den naudvæne Sylv Asal (Sorbus Aria). Han hev heile blad, som er sylvgråe under. I Klyvalidi hev B a r 1 i n d (Taxus baccata) lett for å fræva og spreida seg, og i liderne langsetter fjordar og sund ser ein B e r g f l e t t a (Hedera Helix) aka seg uppetter fjellsprungorne. Inn i millom alle desse vokstrarne slyngjer seg ein og annan V i v e n d e l (Lonicera periclymenum). Rett som det er råkar ein på eit Klungerkjørr (av desse fleire artar).

Fura2) og bjørki1) kann verta reint storvaksne. Eiki hev vakse tettare og rikare i eldgamal tid. Det syner jordfund

-----------------------------

1) "Naturen" 1925 s 360: Olaf Hanssen: Litt um store tre i Os.

2) «Endalaus-foro i Endalausdalen ved Lysekloster var vidgjeti. Ho mælte yver 4 m. i rundmål ved roti. Var rakvaksi. Då ho vart hogd i slutten av 1860 åri og dregen til sjøs av mannemakt i dugnad, synte det seg, at ho ikkje var heilt frisk inni. Der var eit hol på 9” og 15 alner langt. Ho vart kappa i 5 stokkar, kvar på 4 alner. På 20 alner heldt ho 12” topp Av stokkarne fekk ein 36 tylvter bord. Herav vart mykje nytta til båta-bord.

-----------------------

 

i myrarne, der ein rett som det er kjem yver svære stomner. Heggen, hev gjeve ei heil bygd Hegglandsdalen namn. I denne bygdi, serleg på garden Øvreeide var mykje og sers storvaksen hegg. Uvitug var den framferd, som her vart gjort mot kvitsun-treet vårt. All hegg, som vaks etter lidi vart nedhoggen. I heradet veks ogso nokre av den sers

 

Bilde o1-69-1

Hattel (Coylus Avellana. L.). Lien, Hegglandsdalen. Naturfreda 23/1 1925.

 

 

Bilde o1-69-2

Hattel Corylus Avellana, L.). Skavhedla. Hegglandsdalen.  Naturfreda 21/1 1926.

 

 

sjeldsynte hegg m e d  g u l e  b e r, som hev fenge namn Chlorocarpuss 1). Rød, Heggland, Hjella, Bø.

På Lien og Skavhedla veks dei sværaste hatletre, som til dessar er kjende i Noreg2). Båe er no freda. På hatlarne

-----------------------------

 

Desse fråsegner hev eg frå Jens Haugland, Stord. Han var den som kaupte fura, men gjekk frå handelen då fura ikkje var frisk. (Stord 1912).

Bygdesegni her fortel at når fura vart dregen til sjøs, sat ein gamal bon­demann på stokken med ein brennevisdunk og kringlehank i hendene. Attanum ein spelemann Det hev vore ein fagna dugnad.

1) «Naturen» 1925 s. 93—96: Oaf Hanssen: Eit nytt avbrigde av heggen.

2) «Naturen» 1925 s. 118—121 og s. 357—358.

 

 

her er funne den sers sjeldsynte soppen: Polyporus sul phureus, (funnen 29. juni 1929).

Her er berre nokre få gardar som hev fenge namn etter vokstrar: Hatlelidi. Eikhaug, Hetleflåt, Askvik, Heggland 1), og det er helst unge gardar, Dei tvo sisste finn ein år 1563. I utmark og på bøar er der ellest mange småstader, som hev namn etter vokstrar.

Ved Møsnuken (734 m.) gjeng trevokstren på lag 600 m. upp. I ei og onnor tunga litt lenger. Lenger i aust ved Svenningfjellet gjerne noko høgare.

I stervbuet etter Formann, 1872, vart den norske stat eigar av skogen og skoggrunnen i Os, som høyrde til L y s e k 1 o s t e r gods. Den gjeng, som eit belte frå Øyarne yver Ulven nordaustyver til dalbotnarne mot Samnanger. Marki millom Møsnuken og Syftelandsgrendi er kalla F r i s k o g a r n e. Fura stod her tett og væn og bargrøne var alle heidar og rindar. Her »spela» hjorten i skogen. So kom staten sine tenstemenn og skulde syna folket »rasjonel» drift. Halvthundrad år er lidne. Eit utsyn yver lendet gjev no ei sår kjensla. Raude og mest snaude ligg kollarne og åsarne burtyver. Mætaste skogen er kvorven. Einsleg stend ei og onnor fura og svagar sorgsamt i vinden. Men der er planta store mengder av eit for lendet og jordbotnen framandt tre — g r a n e n.

Um den vil gjeva att same verd som fura, lyt framtidi avgjera, og ætti som kjem etter fær høve til å skriva soga um skogen i Os.

 

 

Ein sundag i godveret tek me oss ein tur for å sjå på b l o m e veldet frå fjøra til fjell. Det vert berre ein liten orskurd av det ein k a n n finna. Me lyt fara snøgt og ikkje for vida. Bokarki er dyre og plantelatinen keidsam for flestre av lesararne. Dei glupe namn, som federne gav oss på kvar blom og gras, hev me for det meste gløymt! Og dei meiningslause dansk-tyske namn, som stend i lærebøkerne, skal ein prenta mindst mogeleg av.

Oldefar og oldemor nytta mange slag blomar og gras til ymse lækjeråder. Det hev me ogso gløymt!

------------------

1)  O. Rygh: Norske gårdsnavne. S. Bergenhus amt. Band II.

 

 

Nede ved fjøresteinarne merkar me oss blomen, med den ljosraude kollen: Armeria maritima — vidare finn me Linaria vulgaris, Pontentilla anserina, Triglochin maritima, Silene maritima, Cochlearia officinalis, Plantago maritima. Og i tangreksteren veks ein og annan einsleg Galium aparine og Sonchus arvensis. Ute i fjøra, serleg der det er leirbotn, stend store mengder av Zostera marina. Og i båredraget ligg tang og ymse andre alger i rike mengder og voggar seg. Algevokstren er ikkje etterrøkt i serleg mun.

 

Bilde o1-71-1

Lind (Tiliacordata. Mill.) Liåsen. ­Hegglandsdalen, Naturfreda. 21/2 1930.

 

Bilde o1-71-2

Barlind (Taxus baccata. L) Bjorndalslidi. Rød, Hegglandsdalen. Naturfreda 27/2 1930.

 

 

 

 

På bergknattarne finn me Sedum acre, anglicum og annuum, Silene rupestris, Lotus corniculatus »Tiri1tunga» Er det ikkje som vår og sumar smilar til oss i namnet?). Oxyria digyna, litt meir sjeldsynt er den godangande Rhodiola rosea, og er me sers heppne, vil me finna (t. d. ved B j å n e s) den stolte »bergfruva» Saxifraga Cotyledon.

Me tek uppetter liderne. Lat oss tenkja oss ei av solliderne ved Bjørnefjorden. Her er fjellunderlaget gneis’). Lau-

-----------------------

  • Hans Reusch: Silur Fossiler og pressede konglomerater i Bergens­skifrene. s. 19 o. fl st.

 

 

 

 

-------- Hit, men ikke lenger ------------------