Jord og eigedom

Jord og eigedom, vokster og økonomiske tilhøve

JORD OG EIGEDOM, VOKSTER OG ØKONOMISKE TILHØVE.

I den eldste tid var dei økonomiske tilhøvi einfelde og greide. Heile tilværet var tufta på bruk av jordi. Det var jordi, skogen og sjøen som gav livemåten, og andre verdeting eller verdemælarar hadde ikkje å segja. Det var jordi som heilt skapa vilkåri for tilværet.

Kvar mann rådde sjølv for si jord og hadde sjølv den heile vinning av arbeidet sitt. Kvar arbeidde berre for seg og huslyden og hadde ikkje nokon annan å svara for. Når vilkåri likevel vart ulike so var det naturtilhøvi eller mannen si arbeidskraft som gjorde skilnaden.

Etterkvart som ein samfundsskipnad vaks fram vart skiplingi og skilnaden større. Det kunde koma på ymis vis, på den eine sida ved vanlukka, tap i strid, lovbrot, sjukdom eller anna sovore, på den andre sida ved ran, heppeleg stridsferd, eller lukka i anna arbeid. Det vart fatige og rike, hovdingar, jordherrar og arbeidarar, vanlege jordbrukarar og trælar. Alt i slutten av den tidbolk som me kallar steinaldren finn ein skilnaden. Det finnst graver frå den tid som må vera laga åt rike og megtuge hovdingar, menn som hev råda over mykje jord og mange tenarar og trælar. Dei våpn og reidskap som ein finn i desse graverne kunde ikkje vanlege jordbrukarar men berre rikfolk eiga.

Elles hev me liti greida på korleis dei eldste bondesamfund var skipa. Det fanst vel hovdingar og trælar, men truleg var storparten av bønderne frie menn som sjølv åtte og bruka den jord som deira forfeder eller dei sjølve hadde rydja. Og um hovdingane eigna til seg jord so tok rydjingsmenner upp nye gardar, nye grender vart bygde og storparten av jordi heldt seg som fri bondejord.

 

Men um mannen soleis rådde si jord og sin gard so var han ikkje berre sjølveigar. Han var ogso eit lem av samfundet. Han kom i samband med andre som i visse høve fekk rett å krevja noko av han, arbeidsyting, varor eller vareverde. Når hovdingen kalla til stridsferd, so måtte han vera med og våga liv og eigedom. Og han fekk skatt. Harald Hårfagre var vel den fyrste som gav skattepålegg, og sidan hans tid hev skattane trutt fylgt folket, anten ved kongebod eller etter sjølvgjevne vedtak. — Men samstundes fekk bonden ogso ein kans til sjølv å vinna gods og magt, til sjølv å verta hovding og råda over andre.

So langt vår skrivne soga gjeng attende finn me k1asseskilnaden. Ein finn hovdingar, jarlar og hersar, ode1sbonder og leiglendingar. Og ein finn tenarar og trælar, både hjå hovdingen og bonden.

Samfundsvokstren i Osbygdi gjekk dei same leider som elles i landet. Me fekk jordherrar og jordbrukarar. Ymse menn eigna til seg meir jord enn dei sjølv kunde bruka, og me finn at adelsmenn og andre utanbygds folk alt tidleg hadde fenge jordegods i Os. Og i midten av det 12 århundrad fekk bygdi ein ny jordherre som heilt skipla tilhøvi og sette merke på bygdi radt fram til våre dagar. Det var Klostret i Lyse.

Lyse kloster vart skipa i 1146 på garden Lyse som eigaren, bisp Sigurd i Bergen, gav til klostret. Klostret fekk snart fleire gardar i Os, og etter alt å døma hadde det, fyrr hundrad år var lidne, fenge i si eiga storparten av dei gardane i Osbygdi som sidan høyrde til klostret. Og med dette var bønderne på alle desse gardar vortne leiglendingar.

Korleis Lysekloster på so stutt tid kunde verta eigar av so mange gardar veit me ikkje visst. Me kjenner for lite til soga åt klostret og gardane i dei dagar. For Munkeliv kloster kann ein finna at umlag ein tiandepart av jordi vart gjevi til klostret som gåvor, umlag tre tiandepartar fekk det i godtgjersla for upphald i klostret, "provent", og resten ved kjøp eller pantsetjing. Og truleg hev Lyse kloster fenge sine eigedomar på same måtane.

Av andre jordherrar som åtte gardar i Osbygdi kann nemnast det fyrrnemnde Munkeliv kloster i Bergen. I 1287 kom garden Haugland til dette klostret. Den eine halvparten kjøpte det hjå eigaren, baron Gaute til Hatteberg, og den andre halvparten bytte det til seg frå Lysekloster som fekk att ein gard i Strandebarm. Lysekloster hadde fenge halve Haugland av Finn Gautson som godtgjerdsla for sonen hans som vart sett inn i klostret. Nokre år etter fekk ogso Munkeliv garden Hovland i Os av ho som åtte garden, for at ei brordotter hennar skulde få vera i klostret resten av livetidi si. Halhjem, Klyva og Lønningdal kom også i Munkeliv si eiga. Lepsøy og fleire gardar i øyane og på Neset kom i onnor utanbygds eiga, og etter det me kann skyna var minst tre fjordepartar av osbønderne vortne leiglendingar alt ikring år 1300.

At jordi gjekk frå bønderne hadde sjølvsagt stor verknad på dei økonomiske tilhøve i bygdi. Umframt dei visse utlogor til kongen og styremagterne, skattar, leiding o.d., måtte bønderne ogso leggja jordavgift, bygsel og landskyld, til jordeigaren. Og desse utlogor vart jamt dei største. Leiglendingane fekk soleis større tyngslor å bera enn sjølveigarane, og i Osbygdi der umlag alle vart leiglendingar fekk difyr bønderne pa jamnan meir tyngsla og verre livekår enn i grannebygderne.

Etter gamall skikk heldt bonderne trælar. Trælhaugen, Trælbakken, Trælåkren og fleire sovorne namn i bygdi er enno minne etter den tid då osbønderne hadde trælar å råda over. Då Lysekloster vart eigar av jordi, eller kannhenda fyrr den tid, kom trælane burt i Osbygdi. Tenarane vart no frie menn. Men istaden kom osbonderne sjølv i træleband, som hev vara langt ned gjenom tiderne.

Me hev lite kjennskap til kva vilkår klostret i den fyrste tid gav leiglendingane sine. Men tvillaust måtte dei leggja skattar og landskyld til klostret som andre leiglendingar, og truleg måtte ogso osbønderne, som budde so nær til, gjera arbeid for klostret. Klosterleiglendingane fekk ogso fyremuner. Dei fekk bygsla jordi på livetidi og ikkje berre på år, soleis som leiglendingar på kongsjordi. Elles hadde klostret sterk interesse for dyrking på gardane, og dei leiglendingar som rydja ny jord eller tok upp nye bruk fekk sers gode vilkår. Landslovi sette ogso den regel, at nyrydja gardar skulde vera skattefri og avgiftsfri i dei 3 fyrste åri. Folketalet auka i bygdi, den dyrka jordviddi vaks, og ikring år 1300 var storparten av dei gardar som no er i Osbygdi rydja og bygde. Bygdi var i god framgang.

Men i 1349—50 kom den store Mannadauden. Ein reknar at på Vestlandet døydde millom tridjeparten og halvparten av folket, og ein kann tru at det ogso i Os døydde like mange etter måten. Då so mykje folk kom burt vart det ikkje nok brukarar att til jordi, og mange gardar vart lagt aude. Me ser soleis at gode, gamle gardar som Valla, Døso, Haukeland, Gåssand, Hovland, Askvik, Økland o. fl. kom burt for lange tider, og sume av gardane, t. d. Austrvin, kom aldri til gard att. Austrvin låg ein stad ved Oselvi, då garden hadde laksekjer. Etter det ein kann skyna låg garden austanfyre prestegarden, truleg i nærleiken av Osstølen eller lenger nord i Osmarki. Då garden vart aude tok prestegarden han til beitemark, og då Oskyrkja åtte garden var det ingen som sidan spurde etter han. Då det no var fleire gardar enn brukarar og difyr liten spurnad etter jord, so vart vilkåri for feste av jord lettare og avgifti mindre. Ein hev difyr tenkt at bondekåri i det heile vart betre i den fyrste tid etter mannadauden, og dette finn me ogso nemnt som røyndom i Norigssoga. Men det er truleg eit misstak, iminsto gjekk det ikkje soleis i Osbgdi. Det var ikkje berre bonden og kona hans som vart tekne av mannadauden, tenarar, jordarbeidarar og rydjingsmenn fall ogso burt, arbeidshjelpi på gardane vart liti og dyr, jordi vart kleint drivi og avlen vart mindre. Alt tyder på at bondekåri ikkje vart betre men jamvel verre etter den store mannadauden enn fyrr.

Hadde talet på sjølveigarar fyrr vore lite i Osbygdi. so vart det no endå mindre. Etter den svere påkjenningi som jordbruket fekk ved folketapet i 1349—50 gjekk enndå fleire av gardane til klostret, kyrkja og andre jordherrar. Og ved år 1400 finn me at over 9/10 av jordi i Os var vorten leiglendingsjord.

Det vart ikkje nokon lett tid for bønderne. Skattane var store, og i uåri, som det diverre kom mange av, var det jamt uråd å greida byrdorne. I 1350 fekk abbed Andres av Lysekloster kongebrev på at dei bønder som var busett på klostret sine bugardar skulde vera fri leidingsskatt, og seks bønder skulde ogso vera fri nevning og leidingsferd.  I kongebrev av 1450 vart dette talet auka til tolv. Men dette gjaldt berre bugardane, dei bruk som låg nær til klostret, og det hadde ikkje å segja for dei andre leiglendingar. Landskyldi og jordavgifti auka etter kvart som folketalet vaks, og bønderne fekk større arbeidsplikt til klostret.

Um soleis nærleiken til klostret gjorde at osbønderne fekk eit pliktarbeid som dei andre leiglendingar slapp, so var det elles ikkje berre til skade at jordeigaren var i bygdi. Klostret greidde sjølv med innkrevjing av jordskattane og brukte ikkje futar eller andre griske millommenn. Etter rnannadauden selde eller bytte ikkje klostret gardane sine, og leiglendingane hadde difyr stodt den same jordherren og sat trygge på gardane so lenge dei greidde sine skyldnader. Meir ymse var det for dei gardar som ikkje låg under Lysekloster, men storparten av dei var ogso kloster- eller kyrkjegods med etter måten rimelege vilkår for brukarane.

Men med Reformasjonen kom snunaden. Danskekongen tok kloster- og kyrkjeeigedomane, pantsette dei eller gav dei til bruk for danske adelsmenn og kongetenarar, og dei gjekk frå mann til mann etter som kongen var i lag til. Det gjaldt for dei som fekk godset å tena mest mogeleg i den stutte tidi dei hadde det, det gjaldt i denne tidi å pina so mykje som råd var ut av dei fatige leiglendigane, og det dei ikkje greidde sjølv fekk dei futar til å hjelpa seg med. Lyseklostergodset kom til danske adelsmenn, Munkelivgodset vart stormannseiga, og for dei andre gardane i Osbygdi fekk lensherren på Bergenhus råderetten.

Det vart ei nedgangstid for bønderne i Os som for småbønderne elles i landet. Og likevel var tidi ei god pengetid. Handel og umsetnad auka, byane vaks fram, og det vart betre um pengar enn nokon tid fyrr. Alle vareprisar gjekk upp, kornprisane auka soleis på 1500 talet til det femduble. Men småbønderne hadde lite å selja og rokk difyr ikkje i pengeflaumen. Hadde leiglendigane fenge lagt skatt og jordavgifter etter vareverde, so kunde dei likevel fenge noko gagn av dei høge prisane. Men styremagterne og jordherrane krov likeins som fyr avgifterne i varor utan umsyn til pris, og på den måten vart skattar og avgifter mykje høgre enn fyrr når ein reknar varorne etter pengeverdet.

 

Og enno verre vart det når bygderne måtte kjøpa vara. I gode år greidde bønderne jamnast å kornføda seg sjølv og trong ikkje kjøpa til livemåten. Men når ikkje hausten var god måtte dei gjerne kjøpa noko attåt. Det ser ut til at kornavlen gjekk attende på 1500 talet, og då folketalet auka, -- bygderne tok no til å reisa seg att etter den støyten dei fekk ved mannadauden og dei andre peståri i det fjortande århundradet, — so vart det for lite til livemåten. Bygderne måtte kjøpa korn og andre ting, og dei som fekk godt av dei høge vareprisane var dei tyske kjøpmenner som førde vara til landet og bymennerne som selde ho ut att. Dei som fekk betala og det radt for dyrt var småbønderne og dei andre kjøparar.

Attåt dette vart skattetyngslorne svere i denne tidi. Den eine serskatten kom etter den andre, og jordeigarane krov fleire og høgre avgifter. Etter gamall skikk sat leiglendingane trygt på garden i si tid, då bygsla gjaldt på livetidi. Berre for "krongodset" eller statsjordi som i Os berre var ein gard, Øvredalen, skulde garden bygslast på nytt kvart tridje år. Men no byrja dei private jordeigarar ogso å bygsla burt på stutt tid og leiglendingane måtte leggja bygslepengar tridjekvart år. Attått dette fann dei ogso upp fleire jordavgifter enn fyrr. Kyrkja tok ogso sitt. Umframt den faste tiend måtte bonden gjeva offer og avgift i alle livsens høve. Ved bryllup skulde presten hava godtgjerdsla, når kona kom til kyrkje etter barneiga var det likeeins, på kvar av dei 17 store heilagdagane i året skulde presten hava offer, og når bonden eller kona hans døydde skulde presten hava ei heil ku for gravferdi. Kyrkja hjelpte soleis godt til med utlogorne.

Det var tunge tider i bygderne. Det heldt hardt for bonden å greida seg i vanlege år, og når uåri kom so vart det radt sveltihel. Misnøgjet vaks, kvar ny skatt eller avgift auka harmen, og i åri etter 1500 vart det uppstyr og strid mange stader i landet. Ogso i Hordalandsbygderne vart harmen so sterk at bønderne reiste seg. I 1501 vart det uppstyr i Hordaland, og i 1502 fekk ein av Knut Alvson sine menn, Nils Jonson, med seg 300 mann frå bygderne ikring Bergen og tok kongsgarden "Bergenhus" i Bergen. Han heldt ting på Jonsvollane (Engen) i Bergen med bymennerne, og det såg ut til at strilane skulde verta herrar i byen. Men då ei vika var gjengi vart det ogso matløvsa på kongsgarden, og strilane for då heim att kvar til seg.

I 1514 vart Kristian II konge i Danmark og Norge. Han byrja styret med å gjeva bønderne ymse lettingar, men det vara ikkje lenge fyrr tyngslorne kom att. Alt i 1515 då kongen skulde halda bryllaup fekk folket ein serskatt, og i ufredsåri 1518—1520 vart det pålagt store serskattar. Kongen hadde sett ein strid mann, Jørgen Hansson Skriver, til lensstyrar og skattekrevjar på Bergenhus, og han fôr hardt fram mot dei som knurra mot skattane. Strilane vakna no på nytt. På Sunnhordlandstinget i 1518, der ogso osingane møtte fram, vart klagemål og uppstyr um skattane, og formannen for bønderne, Jon Eigilson frå Stord, vart teken og sett fast på Bergenhus. Bygdefolket måtte løysa han ut med store pengesumar, og sidan ser me ikkje noko til at osingane eller andre sunnhordlendingar våga å mukka mot skatten i Jørgen Skriver si tid.

Hardingane og Nordhordlendingane var stridare. På tinget i 1520 som vart halde på Bjelkarøy i Sund vart eit sovore uppstyr, at Jørgen Skriver måtte ut med alle sine folk som fekk nye byrsor til å skjota strilar og hardingar med, og attåt vart bymennerne tilsagt å vera med å døyva strilane. Bønderne i Hardanger og Nordhordland vart lagt i svere skattar for skuld uppstyret, men til takk for dette slog dei futen i Nordhordland ihel året etter. Paktaren på prestegarden i Sund, og sonen hans måtte lida for futedrapet og vart avretta.

Som nærare umtala ein annan stad, — sjå bolken um fatigstellet, — hadde bønderne radt frå 1100 åra lagt tiend som vart skift mellom kyrkja, presten, bispen og dei fatige i bygdi. Bispar og prestar hadde gong etter gong freista å få tak i "bondeluten" som dei fatige sin lut av tiendi vart kalla, men bygdefolket sette seg sjølvsagt imot. Dei vilde utan bondeluten få ei ny tyngsla ved forsyting av dei fatige. På Vestlandet greidde ikkje prestane å få taka bondeluten i den katolske tidi, men då Reformasjonen kom tok prestane bondeluten og bønderne fekk ei ny økonomisk tyngsla attåt alle dei hadde fyrr.

Ei stor byrda for bønderne var gjestingi av verdslege og kyrkjelege tenestemenner og skyssing av dei. Når futar, skatteuppkrevjarar og andre tenestemenn reiste ikring bygderne, so måtte bonden gjeva dei hus og mat og skyssa dei frå grend til grend og frå bygd til bygd. I bygder som låg lagleg til for gjenomferdsla var skysspligti ei tung byrda, og bønderne i den ytste luten av Osbygdi, Neset og Øyane, fekk jamt kjenna kva det var å bu i ei leid der ålmenn ferdsla gjekk. Korleis tenestemennerne for åt når dei var på gjesting hjå bønderne kann me sjå av eit skriv frå 1529 frå bispen i Bergen, der det vert fortalt um korleis mennerne åt den store jordherren Vincens Lunge krov landskyld i Sogne- og Hordalandsbygderne: Når det etter gamall sed skulde vera 3 mann i lag so kom dei no i flokkar på 12—14 mann. Attåt den rette landskyldi krov dei ei sylvskei av kvar brukar. Dei åt upp all maten og drakk upp ølet for bonden, etterpå skamslog dei bonden sjølv og jaga kona hans og tenestegjentorne på skogen.

Men bispen sjølv var visst ikkje stort likare. Av eit klageskriv frå 1525 ser me at han tok jordi frå bønderne og for hardt fram mot dei som ikkje gjorde han til viljes. Dette var nett i reformasjonstidi, og attåt alt anna vondt klaga ogso bønderne i denne tidi over at styremagterne vilde taka frå dei den rette trui, "den helgia christelighe troo som vore fforeldre haffwe haffth ffor oss", som dei skreiv i klagen.

Var skattane store nok i seg sjølv so gjorde skatteupkrevjarane dei endå større og tyngre for bonden. Det var serleg dei pengegriske futane som gjorde vondt verre. Skattar, landskyld og kongetiend måtte leggjast i dei slag varor som futane vilde hava. Og når bonden kom med varorne so kneip futen på målet og vegti. På 3 pund smør tok dei 1 pund overvekt, og kornet mælte dei ikkje i tunnor, men i store fjordungar med sovore toppmål, at dei fekk ei heil tunna av 3 fjordungar. Dei kvidde seg heller ikkje for a bruka beint fram falsk mål og vegt. Bonden måtte soleis ut med mykje meir vara enn han retteleg burde og skulde.

Kongen krov forkjøpsrett for ymse varor, og bønderne måtte difyr fyrst bjoda vara si fram på kongsgardane eller "slottet", som tok dei varor som trongst der til den pris som slottsherren fastsette. Dette nytta ogso futane seg av og "i kongens namn",  kjøpte dei bondevara, kjøt, smør, ull, skinn o. d. til seg sjølv for halv pris. Av klagemåli frå 1570 åri ser me, at når futane kjøpte slagtefe "til slottet" eller "i kongens namn" so gav dei 3 ort for ein stut som var verd 3 dalar, og dei gav 12 skilling for ein vér som var verd 3 ort. Futane selde slagtefeet att for full pris og tok sjølv fortenesta. Dei var endå til so skamlaus, at når bonden vilde betala skatten med dei same pengar som han hadde fenge av futen for vara, so tok ikkje futen pengane gode nok for fullt verde, men rekna frå ei ort på dalaren for "ringt verd".

Det kom sjølvsagt mange klager frå bønderne over desse pengegriske futane og den skamlause framferdi deira. Styremagterne freista attimillom å retta på det verste, og ved ymse kongeskriv og domsavgjerder på "herredage" som vart haldne i landet, m. a. fleire gonger i Bergen, freista dei å halda dei verste bondeplagarar noko i age. Men um noko vart retta so stod det mykje att, og bonden fekk framleis svida på ein eller annan måten.

Skattane vart store gjenom heile 1500 talet. Det var mykje ufred millom Sverik og Danmark-Norge, og det vart år etter år utskrivne serlege krigsskattar. Serskattane som jamt var ein dalar for ein leiglending tykkjest ikkje vera so ille, men når me veit at honden då berre fekk 2 dalar for ei ku, so var ein serskatt på ein dalar, eit halvt kuverd, um året ei tung byrda for ein fatig bonde attåt alle dei andre skattar og avgifter.

Umframt dei andre tyngslor hadde bønderne ogso arbeidspligt. Både sunnhordlendingar og nordhordlendingar måtte arbeida på "slottet", Bergenhus, og trass mange klagemål over arbeidspligti slapp ikkje bønderne for denne. Rosenkranstårnet (Valkendorftårnet) som vart bygt i denne tidi trong mange arbeidsfolk og kongen vilde ikkje letta på arbeidspligti. Leiglendingane under Lysekloster hadde ogso arbeidspligt på hovudgarden i klostret. At danske-kongen ved Reformasjonen i 1537 eigna til seg Lysekloster-godset gjorde berre den skilnad at leiglendingane fekk noko verre vilkår enn dei fyrr hadde.

Men um det soleis var tunge tider for bønderne so var det likevel vokster og framgang i bygdi. Nett i denne hardtidi frå 1520 til 1600 vart fleire av dei gardar som vart lagt aude i den store mannadauden uppatt tekne og nye gardar vart bygde. Soleis finn me Hovland, Askvik og Bjånes nemnd fyrste gong att i 1563, og Døso, Valla, Lio, Lønningdal og Øvredal er komen fram i 1591.

Tidi ikring 1600 tykkjest elles å vera ei uppgangstid for jordbruket i Os. I åri 1590—1600 er Øvreide, Lunden og Mobergslidi upptekne, og ikring 1610 kjem gardane i Søfte­landsbygdi, Gåssand, Haukeland, Sælo og Sanden med, likeeins Økland og Forstrøno i Øyane. Og mange av dei gamle gardar vart skift i fleire bruk, som me vil sjå meir um seinare. Det ser soleis ut til at um tiderne var tunge og vilkåri vonde, so beit bonden tennerne ihop og streva enda meir enn fyr. Um dei griske futane tok både maten og pengane so vann dei ikkje taka modet og mannskrafti or bygdi. Og det bar bygdi framover.

Som ein ser var det serleg på Lysekloster sine eigedo­mar at nye gardar vart upptekne ikring 1600. Elles hadde leiglendingane under Lysekloster det ikkje so ille i denne tidi. Dei danske adelsmenn som hadde Lysekloster frå 1570 til 1615, — det var 8 adelsmenn som hadde godset i dei åri. — var sjeldan på Lysekloster og det var futane som rådde. Strange Jørgenson som var fut frå 1572 til ut i 1590 åri var etter alt å døma ein sers rimeleg mann, og etterfylgjarane hans, Herluf Lauritsson og Kristen Matsson. tykkjest heller ikkje å ha vore serlege bondeplagarar. Ein lyt difyr tru at dei som i desse åri reiste uppatt dei gamle gardane eller tok upp nye bruk fekk gode vilkår hjå Lyseklosterfuten. og difyr vart ogso mykje ny jord uppteki i denne tidbolken.

Men det vart byte då  Morits Busk — eller Boested som han jamleg var kalla, — vart fut. Han var ein dansk mann som etter å ha vore skrivar hjå ymse stormenn vart fut fleire stader i Norge, m. a. ogso ei tid i Sunnhordland. I 1610 vart han fut over Munkelivgodset og i 1615 fekk han ogso futeyrket i Lysekloster.

Morits Busk var ein mann som skrapa til seg alt det han kunde få tak i av pengar og eigedom. og han heldt bønderne hardt i age. Han vart ein rik mann som åtte gardar i Fusa, Fana, Tysnes, Strandebarm, Askøy, Sogn og Ryfylke og hadde pengar ute på lån i Bergen, Trondheim og andre stader. Dei han skulde hava pengar hjå skov han til skinnet, men si eigi skuld freista han stødt å koma frå. Då han ein gong vart i skuld til kongen for ein sver sum freista han ogso å snyta kongen ved å lura inn på han dei kleinaste gardane sine. Han kom likevel ingen veg med dette.

Bønderne fekk det ille under Morits Busk sitt styre. Han plundra bønderne på alle måtar, og ekkjor med mange born jaga han frå gardane avdi dei ikkje greidde skatten snøgt nok. Det vart mykje klagemål over han og i 1633 vart han avsett som fut. Han var elles slutta som Lyseklosterfut i midten av 1620 ari. Det vart sett rett over han, og han vart dømt til å bøta 4000 dalar til kongen, ein sver sum i dei dagar. Det svara vel til nær ein halv million kroner i våre pengar. Han måtte ut med pengane, men det ser ikkje ut til at dei bønder som han hadde plundra fekk noko att av pengane sine. Det var danskekongen som tente på det heile.

Då Morits Busk slutta som fut i Lysekloster vart Albert Berner etterfylgjaren hans. Hadde Busk vore ein bondeplagar so vart Albert Berner enndå verre. Han snytte og lurde bønderne på alle måtar, lagde på dei urettelege bøter og skattar, og han hadde ikkje vore fut lenge fyrr det kom mange og sterke klagemål over han. Han fekk straks fleire domar på seg for åtferdi si, og han vart dømt til å gjeva attende til bønderne det han uretteleg hadde teke frå dei. Men Albert Berner gav ikkje att. Millom anna skulda han på, at dei ting han hadde teke frå bønderne hadde han mist på sjøen. Futen i Sunnhordland, Søren Bondeson, som hadde med dei osbønder å gjera som ikkje stod under Lysekloster, var nett same karen som Albert Berner og plundra ogso bønderne alt det han kunde. Då desse tvo futane krov ulovleg skatt og bøter på tinget i 1628 vart det Uppstvr på tinget, og futane klaga til kongen over at bønderne gjorde «oprør». Kongen sende nokre menn til å granska saki men dei fann ikkje at bønderne hadde gjort noko gale. Dei dømte at futane skulde betala attende dei uretteleg innkravde skatter og bøter. Berre ein mann, Ola Hollekim frå Tysnes, fekk svida ein grand for uppstyret og skulde ikkje få noko attende.

Men bønderne fekk ingenting. Albert Berner gjorde alle slag kunster for å sleppa undan og gav ikkje ein einaste skjeling attende. Det vart sendt det eine klagemålet etter det andre over Berner, men han vyrde det ikkje og var nett same karen. Klagemåli var likevel so mange til slutt at kongen i 1633 måtte setja han av som fut.

Albert Berner kom likevel ikkje på berr bakke um han ikkje lenger vart fut i Lysekloster. Berre ei vika etter avsetjingi sendte kongen eit skriv med godkjenning av, at "den os elskelige Albert Berner" vart tilsett som stiftsskrivar for Hordaland på livetidi. Det var "straffi" han fekk for at han i 8—10 år hadde pint og plaga osingane og dei andre Lysek1osterleiglendingar alt han vann. — Søren Bondesøn høyrer me ikkje meir um. Truleg vart han spakare sidan so at han slapp avsetjing.

Etter at osingane hadde vorte kvitt desse tvo illgjetne futane tykkjest klagemåli stillna av for ei tid. Men dei hadde framleis grunn til å klaga. I 1634 fekk den danske jægermeistaren Otto Thermou Lysekloster, og han var ein strid herremann. Han lagde mykje arbeidsplikt på osingane, dei måtte arbeida mange fleire dagar um året på Lyseklostret enn dei fyrr hadde gjort, og då dei ikkje fann seg pligtig å arbeida meir på hovudgarden enn bygslebrevi deira sagde, so fekk Thermou dom på dei for "ulydighed". I 1636 sendte ogso kongen eit brev til osingane um at dei måtte lyda Otto Thermou og gjera alt det arbeid som han krov av dei, eller skulde det gå alle osingane ille.

 

Osbygdi hadde no vakse mykje, og me skal sjå litt på vokstren fram gjenom tiderne.

Kva folketalet i røvndi var i dei eldre tider er uråd å segja. Noko manntal eller folketeljingar finnst ikkje frå dei tider. Skal me finna noko ut um folketalet i bygdi då, so lyt me freista å finna det ved utrekningar eller samanlikningar på annan måte.

Frå Håkon den gode si tid var Vestlandet skift i skipreider, d. e. krinsar som i ufredstider kvar hadde å reida ut eit langskip med fullt mannskap. Til eit langskip av den storleik som var brukt i Hordaland trongst ikring 100 mann. og då etter Gulatinglovi inntil kvart 7de menneskje kunde takast til tenesta på skipet. so måtte folketalet i heile skipreidet vera minst 700. Til Framnes skipreide høyrde Os, Samnanger og halve Fusasokni, og etter alt å døma hadde Ossokni då som noko seinare ikring 3/5 av folketalet i skipreidet. Me kann soleis gissa på at i det 10de og 11de hundradåret hadde Osbygdi millom 4 og 5 hundrad menneskje. Og når me ser på kor mange gardar som då var rydja og bygde i sokni so høver dette talet ikkje so ille.

Folketalet auka ikkje snøgt i dei tider. Sjukdomar, ufred og andre hende tok mykje av folkevokstren. Men at folket auka og ikkje minka er visst, og me tore tru at i midten av 1300 talet hadde bygdi ikring 550 eller kannhenda 600 menneskje.

Men so kom i 1349—50 den store mannadauden som tok burt ein stor part av folket. Etter det me kann skyna, millom anna av dei mange gardar som då vart lagde aude, so var folketapet i Osbygdi minst tridjeparten, kannhenda upp til halvparten av folkemengdi. Dei store drepsottane i 1360 og 1371 tok ogso ein part, og ikring år 1400 hadde bygdi truleg ikkje meir enn 300 mennskje.

Det tok tid fyrr folketalet kom upp att til det som det var fyrr mannadauden. Ymse granskarar (soleis J. E. Sars) hev rekna med at ikring år 1500 var folketalet i landet kome uppatt i same høgd som det var fyrr 1350. Og etter den måten dei hev rekna på kunde ein tru det same ogso for Osbygdi. Etter eit skattemanntall frå 1519 hadde sokni då 55 gardbrukarar, og med 10 menneskje på kvart bruk som granskarane rekna med for dei tider skulde folketalet verta 550. Når dertil kjem Lysekloster med sine 40 - 50 menneskje so vilde talet verta ikring 600 eller det same som fyrr mannadauden.

Men so snøgt gjekk ikkje folkevokstren i Osbygdi. Etter det folketalet som me sidan finn på gardane i Os kann me ikkje rekna med meir enn i høgdi 7 - 8 menneskje på kvart bruk. Etter at klostret vart nedlagt i 1537 var det heller ikkje mange menneskje i Lysekloster, og me kann trygt rekna med at det so seint som ikring 1550 ikkje var meir enn 500 menneskje i bygdi. Eit skattemanntal frå 1563 som berre syner 57 brukarar i Os stadfester ogso det same.

Skattemanntali frå 1570 åri syner heller ikkje sers stor vokster. Fyrst etter 1600 er brukartalet kome over 60. I 1612 er det 69 brukarar, og reknar me med 8 menneskje på kvart bruk so vert folketalet 552. Legg me til dette folket på Lysekloster og prestegarden som ikkje er med i skattemanntali so vert talet ikring 600 eller det same som fyrr mannadauden.

Me kann ogso finna umlag det same på andre måtar. Fyrst i tidi frå 1560 til 1610 er storparten av dei gamle gardane som vart aude ved mannadauden tekne i bruk att. Sume gardar. t. d. Austrvin, kom likevel ikkje til gard atter. Når folketalet vaks so måtte det meire jord til, og det var då rimelegt at ein fyrst og framst tok den jordi som fyrr hadde vore rydja og dyrka, dei gamle gardane. Me kann soleis med noko tryggja segja, at fyrst ikring år 1600 kom folketalet i Osbygdi upp att i det som det var fyrr 1350, ikring 600 menneskje.

I eit manntal som vart uppteke i 1666 er alle mannfolk i bygdi medrekna. Det er då 365 mannfolk i Ossokni. Reknar me ogso med mannfolki på prestegarden og Lysekloster so vert talet ikring 380. Med kvinnfolki, som det truleg var like mange av eller helst noko fleire av, vert då folketalet i Osbygdi nær 800, skift på 130 bruk.

Dette tykkjest vera ein sver vokster sidan år 1600. Men det er mange ting som tyder på, at nett i tidi frå 1600 til 1660 auka folketalet i bygdi storveges. Det var i denne tidi stor spurnad etter jord, og ei mengd nye bruk kom til. Som fyrr nemnd vart storparten av øydegardane frå 1350 tekne upp at i tidi kring 1600. I denne tidi vart ogso storparten av dei andre gardane skift i tvo eller fleire bruk, anten beint fram ved at den gamle garden vart skift i fleire partar, eller ved utviding og nyrydjing. Frå 1590 til 1625 kom det soleis 40 nye bruk til på dei gamle gardane, og umframt dei fyrr nemnde kom Hetleflåten og Spansteigen (Heggeland) til som nye gardar. Det tykkjest so hava vore ein stogg frå 1625 til 1640, anten det kom av at dei illgjetne futane i 1620—30 åri sette for stride vilkår for bureising eller av andre grunnar. Men i 1640 åri tok vokstren til att. Frå 1640 til 1660 kom det til 20 bruk på dei gamle gardane, og det kom ogso til i denne tidi ei mengd nye smågardar, soleis Tømmernes, Røykenes, Eikhaug, Skogen, Åsen, Sjøbøen,  Sørstraumen, Nordstraumen, Sperrevik, Salbuvik, Bjoarvik, Balland, Bjørnen og Midtsæter.  Me tore soleis med full grunn segja at tidi frå 1600 til 1660 er den storste nybrot- og rydjingstid i heile Osbygdi si soga.

Etter uåri og ufredsåri ikring 1660 stogga vokstren i bygdi. Nye gardar vart ikkje upptekne på 30 år, og berre nokre få nye bruk kom til ved kløyving av gamle gardar. Fyrst ikring 1690 tok vokstren noko til att, og i tidi fram til 1725 kom det til over 20 nye bruk, mest ved utviding av dei gamle gardane. Styremakterne freista ogso i denne tidi ved rundskriv og «forordninger» å hjelpa leiglendingane.

Um det soleis var framgang i gardetal og folketal, so var det likevel tunge tider for folket i Osbygdi. Tidi frå 1660 til 1760 er i Norigs soga rekna som ei uppgangstid for den norske bonden, både økonomisk og sosialt. Leiglendingane fekk i stor mun kjøpa gardane sine og vart sjølveigarar. Skogarbeid og timberdrift gav gode innkomor, jordbruksavlen gjekk fram og velstandet auka millom bønderne. Med velstandet vaks ogso vyrdnaden for bonden, og ein reknar med at den norske bonden vann eit langt stig fram i denne tidi.

Um det kannhenda gjekk soleis i dei fleste landsluter, serleg då på Austlandet, so gjekk det ikkje på den måten i Osbygdi. Der gjekk det nett den andre vegen, og osbønderne vart korkje sjølveigarar, velstandsmenn eller vyrdnadsfolk.

Som nemnd var Lyseklostret den største jordeigaren i Osbygdi. Det hadde fenge ikring 6/10 av bygdi i si eiga og det slepte ikkje noko frå seg att. At klostergodset ved Reformasjonen gjekk over til å verta krongods eller eit serskilt lehn gjorde som nemnd ingen skilnad for leiglendingane. Godset vart framleis halde samla som fyrr, og ikkje ein einaste gard vart seld til bønderne. Munkeliv kloster i Bergen åtte nær 1/10, Domkapitlet og Apostelkyrkja i Bergen åtte umlag like mykje, og vel 1/10 høyrde til Oskyrkja og prestebolet. Millom 80 og 90 hundradpartar av bygdi var soleis kloster- og kyrkjeeigedom. Av resten rådde lensherren på Bergenhus for nær 1/10, ein liten part var ått av ymse utanbygds folk, og berre 4/100 var i osbønderne si eiga.

Desse fire hundradpartane skifte ogso eigar rett som det var. Umlag soleis var tilhøvi i fleire hundrad år. Munkeliv - godset gjekk over til andre eigarar, men ikkje til bønderne, og Baroniet Rosendal som fekk det til slutt fekk ogso tak i noko av den vesle bondejordi attat. I dei tider då sjølveigartalet auka elles i landet kvarv det umlag heilt burt i Os.     I 1700 var av den samla jordskyld i Osbygdi 140 laupar smør berre 1 1/2 laup sjølveigarjord. Ein einaste hundradpart av jordi i Os åtte soleis bønderne sjølv, dei ni og nitti hundradparterne var ått av andre. Og soleis var tilhøvet langt fram gjenom hundradåret.

Hadde det gjenge kleint med å vinna jordi til sjølveiga for osingane, so gjekk det ikkje likare med velstandet. I fyrste helvti av 1600 talet auka skattane svert, det var jamt ufredsår, og bonden greidde ikkje dei store utlogorne. Skattane måtte drivast inn av soldatar og dei tok det dei fann, radt til klædi av kroppen. Ikring 1660 kom ei ufredstid att, og samstundes kom det eine harde uåret etter det andre. Bønderne vart so utarma at dei hadde korkje mat eller klaær. Av dei 130 brukarane i Osbygdi var i 1660 åri over tridjeparten skattefri, då skattekrevjarane ikkje fann noko å taka, kor vel dei enn leita og grov.

Av skiftebøkerne for Os som tek til i den tidi kann me ogso sjå korleis tilhøvi då var i Osbygdi. I 1669 vart halde skifte etter 7 gardbrukarar i Ossokni. På Storum fannst ingen annan ting som kunde setjast verd på ved skiftet enn ei liti gryta, og på Sundøy var berre ei gryta og ein liten stut verd 8 ort. Hjå tvo mann på Ferstad fannst berre nokre klædesplagg å skifta. Men alle hadde dei stor skuld, rest på skattar og tenarløn. lånte pengar og skuld for mat. Ved dei 3 andre skifti, på Berge, Ferstad og Storum, var det noko likare, men ogso der var skuldi umlag like stor som verdet av det vesle dei åtte.

Ikring år 1700 var Osbygdi komi so langt ned som ho truleg kunde koma. Alle bønder var leiglendingar. Umframt alle andre utlogor måtte dei ogso leggja store avgifter og gjera mykje arbeid for jordeigaren. lnnkomorne var små. Utanfyre jordbruket var det mest fisket som kunde hjelpa til med livemåten, men det var ikkje kvart året at fisket slog til. Skogdrifti var ikkje nemnande, då gardbrukarane ikkje sjølv åtte skogen. Båtbygnaden og treskoarbeidet som attimillom hadde gjeve ein skjeling til skattar o. d. vart no til lite gagn, då ingen hadde pengar til å kjøpa for og det ikkje var spurnad etter varorne. Den eine uårsbolken fylgde etter den andre, jamt med 8 - 10 års millombil. Umframt dei nemnde uåri ikring 1660 var det uår i 1685, 86 og 87, i 1695, 96 og 97, og likeeins i 1705. 06 og 07. Vinteren 1707 - 08 var ein av dei kaldaste som nokon veit um. I 1717 og 1719 vart det atter uår, og um dei syrgjelege uåri 1740 - 43 som ogso førde mykje sjukdom og elende med seg gjeng enno fråsegner i bygderne. Attåt alt dette kom so den lange ufredsbolken 1709 - 19, då dei arbeidsføre ungdomane låg i felten i 10 år og det var stor skort på arbeidshjelp heime i bygdi. Ogso i 1717 - 1719 var det uår. For ikkje å svelta radt ihel måtte osingane under desse tilhøvi borga korn hjå kjøpmennerne i Bergen og låna pengar i andre bygder. Tiderne vart ikkje betre, det gjekk på borg og lån, og osbønderne sat i skuld til upp over øyro.

Det er tvillaust at bønderne i Os i denne tidi var meir økonomisk nedtyngde enn i grannebygderne, og etter alt å døma var Ossokni den fatigste bygdi i Sunnhordland. Både skifter og andre ting syner stor skilnad millom Ossokni og grannesoknerne i prestegjeldet, Fusa, Strandvik og Hålandsdalen. Ja enndå til Samnanger stod betre enn Os. Truleg var det berre den aller fatigste Nordhordlandsbygd som i økonomisk vanmagt kunde setjast ved sida av Osbygdi i dei tider.

I 1715 skulde bønderne leggja ein skatt til "krigsstyr", utreidsla til ufreden mot Sverik. I Fusa vart skattlagt 8 bønder, i Strandvik 11, i Hålandsdalen 7, i Samnanger 1, men i Os ikkje ein einaste, då, som det heiter i tingboki, »der i dette sogn ingen var som havde nogen formue at betale skat af."

Under sovorne tilhøve vart sjølvsagt vyrdnaden for bonden ikkje stor. Fatigdom skapar sjeldan vyrdnad og allerminst i dei tider som det her gjeld. Embæts- og tenestemannen såg på bonden som ein ringare skapnad, og me finn mange døme på korleis den fatige bonden frå Ossokni vart vanvyrda av dei som hadde meire pengar eller som stod høgre i stand. Me skal her berre taka med eit døme som syner tilhøvi so langt fram i tidi som i midten av 1700 talet.

 

Ein dag nett fyre jol 1743 kom Ola Havn og Brita Engevik roande frå Sævareidfjorden i skyss til Bergen med tvo av sønerne åt oberst Segeleke, som var busett i Engevik havn. Dei våga seg ikkje over Korsfjorden um kvelden og tok difyr hus hjå Ådne Kvernaviki. Kvernaviki som no ikkje er gard meire låg på innsida av Strøno, rett overfor Askvik, og då plassen låg so midt i leidi var Ådne Kvernaviki jamt van å hysa ferdafolk.

Segelekekarane og skyssfolki deira fekk husrom pa stovelemen. Det var ei luka i lemgolvet over omnen, og då dei framande hadde ete til kvelds sette den eine av brørne, Gustav Segeleke, seg på lemsgolvet med foterne ned gjenom lukeholet for å lyda på Ådne Kvernaviki som sat ved bordenden i stova og heldt kveldsbøni med huslyden. Han som sat i lukeholet spennte til luka so ho ramla ned på omnen. og Ådne Kvernaviki ropte då upp: "Slær De noko isund so skal De betala det". Dette var formykje for oberstsønerne å høyra. Gustav Segeleke sprang beint ned gjenom lukeholet, og broren sprang ned gjenom troppi for å aga syndaren, og Ådne Kvernaviki fekk dugeleg juling. Mannen greidde seg ikkje mot dei tvo spræke karane, og då kona kom og vilde berga han so fekk ho ogso sin part av dengsla. Den eine av karane tok henne og lagde ho tvers over forsetet og pryla henne til blodet rann.

Det vart ei rettssak etter dette. Men det vart ikkje som ein kunde tru, Ådne Kvernaviki som tok dei som hadde dengt han og kona, nei det var Segelekekarane som drog Ådne Kvernaviki for retten avdi han hadde "brugt unøttig mun" medan dei slog han, og sidan hadde han kalla dei fantar og kjeltringar. Etter deira syn skulde han sjølvsagt sagt takk og æra når han og kjerringi kunde få juling av storfolk.

Og retten tykte truleg det same. Ådne Kvernaviki vart dømt til å leggja 16 dalar i bot og 6 dalar i sakskostnad, tilsaman 22 dalar. Det var sver sum i dei dagar. Prisen på ei ku var då 3 dalar og sumen vart soleis 7 - 8 kyrverd, eller ikring 2000 kroner etter vårt pengeverde. At Ådne og kona hadde fenge juling kom retten lett ifrå. Då eit av vitni (skyssfolki) meinte at Ådne hadde fenge flest slag i nakken og ryggen, medan det andre vitnet fann at han hadde fenge endå fleire baskar i skallen og andre stader, so sagde retten berre at vitni "var hinanden helt modstridige og foranderlige" når det galdt julingi, so ein kunde ikkje rekna med det og det vart ikkje nemnt eit ord i domen um at karane hadde prylt Ådne og kona. Ådne Kvernaviki vart ein fatig mann etter dette, og då ogso husi hans brann upp straks etter måtte han for resten av livetidi gå ikring bygdi og beda seg. Det var løni for å gjeva hus og mat til oberst sønerne.

Det er lett å skyna at det under sovorne tilhøve kunde veksa fram hat til storfolki. Ein dom som den i Kvernaviksaki skulde heller ikkje tena til å styrkja trui på embætsmennerne sitt rettsinn og rettferdskjensla, og det er skynelegt at bonden fekk mistru til alle som hadde med "Kgl. mayestæts øvrighed" å gjera. Og dette bondesynet og misstrui kom serleg fram i den namngjetne "Strilekrigen".

Skattane hadde ikkje minka på 1700 talet. Den store ufreden med Sverik frå 1709 til 1719 krov store utlogor av riket, og umframt dei vanlege skattane måtte bonderne ut med store serskattar, soleis "dagskatten" og andre. Og det kom fleire ufredsbolkar. I 1756 byrja "Sjuårskrigen" i Tyskland som ogso Norge fekk kjenna svida av. Danmark måtte halda ein stor her, og det låg m. a. 13500 nordmenn nede i Holstein. For å greida dei svere utlogor til heren fann difyr kongen på å skriva ut ein serskatt, "ekstraskatten av 1762".

Aldri har vel ein skatt vore meir urettvis skift enn denne serskatten. Medan skattane fyrr var skift iminsto noko etter skatteevna, so skulde denne serskatten skiftast likt på alle som var over tvo år, utan umsyn til eiga eller innkoma. Stormann og prest, bonde og bondekona. gut og gjenta, rik og fatig, sjuke og friske, fatiglemer, galne, ja endå til dei som var reist or landet skulde kvar leggja ein daler um året. Dei som var friske måtte leggja skatt for dei sjuke og dei som var att heime måtte leggja skatt for dei som var reist burt. Ein dalar i skatt, det var umlag 100 kroner i våre pengar, og kvar ifrå skulde den fatige bonden taka so mykje pengar for kvart menneskje i huslyden? Sjølvsagt greidde ikkje bønderne dette, og styremagterne byrja difor å driva skattane inn ved soldatar. Dei for uvyrde fram, serleg i Nordhordland, og dei tok kva dei fann i huset radt til klædi av vogga.

 

Men lensmannen i Os, Hans Hanson Lundarvik, var ikkje stort likare enn soldatane i Nordhordland. Til Hans Gaupholm, som var busett pa Ådland i Fusa, kom han ein dag medan kona i huset stod og kokte middagsmaten, supa til huslyden. Mannen kunde ikkje greida skatten, som elles ikkje var hans eigen skatt men ein rest som stod att på sjuke, fatiglemer og burtreiste. Då mannen ikkje kunde betala tok lensmannen gryta av elden, slog maten or gryta ut på marki, og for med den einaste gryta mannen åtte og skjeringi attåt. Lensmannen si framferd, serleg den ting at han i sovorne naudstider kasta burt den dyre maten, sette ny kveik i harmen som alt brann. Bygdefolket i Os, Fusa og Samnanger samla seg og sendte klage over lensmannen for hans uvyrdne framferd. Lensmannen kom for retten, men han fekk studnad av futen og skrivaren og bygdefolket kom ingen veg med han. Han vart likevel mykje spakare sidan når han krov skatt hjå bønderne, men namnet "Supanslensrnannen"  fekk han hava til sin døande dag.

At sovori skatteinnkrevjing sette agg i folket er lett å skyna. Bønderne fekk ogso den trui at futen og dei andre embætsmenner gjorde ekstraskatten større enn han i røvndi var, og at desse karane sjølv tok noko av skatten. Ymse ting styrkte bønderne i den trui, og den 1. mars 1765 kom 2300 bønder, "strilar", frå Nordhordland til Bergen for å krevja letting i ekstraskatten.

Bønderne gjekk fyrst til stiftamtmannen, von Cicignon, med kravet. Dei vilde ogso sjå "den rette forordning" um ekstraskatten, då dei meinte at han ikkje vart innkravd etter kongebrevet. Stiftamtmannen vart rædd og lova at han skulde skriva til kongen um saki. Dei kunde venta svar frå kongen um 6 vikor. Bondeflokken vilde likevel ikkje gå or huset, men då ein oberst Dietrichson kom til og bruka sabelen på dei so måtte dei ut. Tvo mann frå Midtun i Fana og nokre nordhordlendingar vart skamhogne av obersten. Bønderne reiste no heim att kvar til seg.

6 vikor var gjengne og ein kunde venta kongesvaret gjekk der bod ikring bygderne um ny Bondestemna i Bergen. Og den 18. april kom bønderne att. Det var ikkje berre nordhordlandsstrilar som no kom, men det var folk frå umlag alle bygder i Hordaland. Frå Os møtte mange bønder, som ventande kunde vera. Dei hadde stutt veg til byen og øsingi var stor i bygdi. Dette var nett etter at lensmannen hadde reist på skattekrevjing og m. a. gjort det fyrr nemnde meistarstykket på Ådland. Tilsaman samlast minst 2000 hordalendingar i Bergen for å høyra kva kongen hadde svara på skrivet um ekstraskatten.

Bønderne gjekk straks til stiftamtmannen og vilde høyra svaret frå kongen. Då han ikkje hadde noko svar å syna vilde dei atter sjå den "rette forordning". Han sagde at den kunngjorte forordning var den rette, men bønderne vilde ikkje høyra på det. Dei kalla stiftamtmannen ein tjuv som sjølv tok skatten. Stiftamtmannen vart no sinna og treiv til sabelen, men han fekk ikkje tid til å bruka den. Bønderne rauk på stiftamtmannen, reiv parykken og klædi av han og slog han tilblods. Og straks etter kom ein bondeflokk dragande med futen i Nordhordland som dei ogso hadde fenge tak i.

Futen, Bildsøe, var komen til byen um morgonen for å gå til alters, etter som han sjølv sagde. Ein flokk strilar råka han på gata, og dei krov han straks etter den "rette forordning". Da han ikkje kunde syna dei nokon annan enn den dei fyrr hadde høyrd, so tok dei futen millom seg og førde han til stiftamtmannen.

Futen og stiftamtmannen fekk koma seg inn att i huset og gjøymde seg. Men strilane let seg ikkje lura. Dei braut seg inn i huset og fann dei tvo storkarane, tok dei med seg og drog dei gjenom gatorne. Futen var ille likt og han fekk no ei stygg medferd. Dei reiv klædi av han, reiv håret av hovudet hans, og spendte og slog han. Sume ropa at han burde hivast på sjøen. "det kostar berre eit kalveskinn å drepa futen" sa dei. Han vart likevel ikkje drepen, men dregen ikring gatorne til han var nærast halvdaud å kalla.

Stiftamtmannen vart no ogso rædd for at han vilde verta drepen, og han kom difyr med tilbod um at bønderne skulde få heile ekstraskatten att. Tilbodet vart motteke med stor fagning, og stiftamtmannen fekk no sleppa heim att til sitt eige hus. Han kunde likevel ikkje i ei snøggvending skaffa alle dei pengar som skulde til for å gjeva ekstraskatten attende, og strilane heldt difyr vagt over han både dag og natt til pengane var lagt. Og det same vart gjort med futen.

 

Men lensmannen i Os, Hans Hanson Lundarvik, var ikkje stort likare enn soldatane i Nordhordland. Til Hans Gaupholm, som var busett pa Ådland i Fusa, kom han ein dag medan kona i huset stod og kokte middagsmaten, supa til huslyden. Mannen kunde ikkje greida skatten, som elles ikkje var hans eigen skatt men ein rest som stod att på sjuke, fatiglemer og burtreiste. Då mannen ikkje kunde betala tok lensmannen gryta av elden, slog maten or gryta ut på marki, og for med den einaste gryta mannen åtte og skjeringi attåt. Lensmannen si framferd, serleg den ting at han i sovorne naudstider kasta burt den dyre maten, sette ny kveik i harmen som alt brann. Bygdefolket i Os, Fusa og Samnanger samla seg og sendte klage over lensmannen for hans uvyrdne framferd. Lensmannen kom for retten, men han fekk studnad av futen og skrivaren og bygdefolket kom ingen veg med han. Han vart likevel mykje spakare sidan når han krov skatt hjå bønderne, men namnet "Supanslensmannen"  fekk han hava til sin døande dag.

At sovori skatteinnkrevjing sette agg i folket er lett å skyna. Bønderne fekk ogso den trui at futen og dei andre embætsmenner gjorde ekstraskatten større enn han i røvndi var, og at desse karane sjølv tok noko av skatten. Ymse ting styrkte bønderne i den trui, og den 1. mars 1765 kom 2300 bønder, "strilar", frå Nordhordland til Bergen for å krevja letting i ekstraskatten.

Bønderne gjekk fyrst til stiftamtmannen, von Cicignon, med kravet. Dei vilde ogso sjå "den rette forordning" um ekstraskatten, då dei meinte at han ikkje vart innkravd etter kongebrevet. Stiftamtmannen vart rædd og lova at han skulde skriva til kongen um saki. Dei kunde venta svar frå kongen um 6 vikor. Bondeflokken vilde likevel ikkje gå or huset, men då ein oberst Dietrichson kom til og bruka sabelen på dei so måtte dei ut. Tvo mann frå Midtun i Fana og nokre nordhordlendingar vart skamhogne av obersten. Bønderne reiste no heim att kvar til seg.

6 vikor var gjengne og ein kunde venta kongesvaret gjekk der bod ikring bygderne um ny Bondestemna i Bergen. Og den 18. april kom bønderne att. Det var ikkje berre nordhordlandsstrilar som no kom, men det var folk frå umlag alle bygder i Hordaland. Frå Os møtte mange bønder, som ventande kunde vera. Dei hadde stutt veg til byen og øsingi var stor i bygdi. Dette var nett etter at lensmannen hadde reist på skattekrevjing og m. a. gjort det fyrr nemnde meistarstykket på Ådland. Tilsaman samlast minst 2000 hordalendingar i Bergen for å høyra kva kongen hadde svara på skrivet um ekstraskatten.

Bønderne gjekk straks til stiftamtmannen og vilde høyra svaret frå kongen. Då han ikkje hadde noko svar å syna vilde dei atter sjå den "rette forordning". Han sagde at den kunngjorte forordning var den rette, men bønderne vilde ikkje høyra på det. Dei kalla stiftamtmannen ein tjuv som sjølv tok skatten. Stiftamtmannen vart no sinna og treiv til sabelen, men han fekk ikkje tid til å bruka den. Bønderne rauk på stiftamtmannen, reiv parykken og klædi av han og slog han tilblods. Og straks etter kom ein bondeflokk dragande med futen i Nordhordland som dei ogso hadde fenge tak i.

Futen, Bildsøe, var komen til byen um morgonen for å gå til alters, etter som han sjølv sagde. Ein flokk strilar råka han på gata, og dei krov han straks etter den "rette forordning". Da han ikkje kunde syna dei nokon annan enn den dei fyrr hadde høyrd, so tok dei futen millom seg og førde han til stiftamtmannen.

Futen og stiftamtmannen fekk koma seg inn att i huset og gjøymde seg. Men strilane let seg ikkje lura. Dei braut seg inn i huset og fann dei tvo storkarane, tok dei med seg og drog dei gjenom gatorne. Futen var ille likt og han fekk no ei stygg medferd. Dei reiv klædi av han, reiv håret av hovudet hans, og spendte og slog han. Sume ropa at han burde hivast på sjøen. "det kostar berre eit kalveskinn å drepa futen" sa dei. Han vart likevel ikkje drepen, men dregen ikring gatorne til han var nærast halvdaud å kalla.

Stiftamtmannen vart no ogso rædd for at han vilde verta drepen, og han kom difyr med tilbod um at bønderne skulde få heile ekstraskatten att. Tilbodet vart motteke med stor fagning, og stiftamtmannen fekk no sleppa heim att til sitt eige hus. Han kunde likevel ikkje i ei snøggvending skaffa alle dei pengar som skulde til for å gjeva ekstraskatten attende, og strilane heldt difyr vagt over han både dag og natt til pengane var lagt. Og det same vart gjort med futen.

 

Heile Bergen stod på ende for skuld uppstyret. Småfolki heldt med bønderne, og store hopar av byfolk slog lag med strileflokkane. Mange fylgde vel berre med for a halda leven og ståk. Embætsmennerne og dei "gode borgere" i byen visste ikkje kva dei skulde gjera. På Bergenhus var rettnok 60 - 70 soldatar, men kva var det å møta fram med imot fleire tusund galne strilar, arbeidsfolk og byramp? Bispen, prestane og andre freista å tala folket tilrettes, men fåfengt. Og strilane fekk uhindra vera herre i byen og stella seg som dei vilde.

Bønderne vart fleire dagar i Bergen. Dei fekk betalt attende av ekstraskatten solenge det var pengar i kassen, og øsingi minka difyr etterkvart hjå bønderne. Men rampen heldt ståket gåande. Det vart kalla soldatar inn frå bygderne, men som det var å venta so vilde dei ikkje skjota på bygdefolket. Smått um senn for bønderne heim att, og då ei vika var gjengi var dei fleste farne or byen. Men fyrst då månaden var ende kunde ein retteleg segja at Bergen heilt var "komen til seg sjølv" att.

»Strilekrigen" sette stokk i styremagterne. Rettnok måtte bønderne framleis leggja ekstraskatt, og dei måtte ogso gjeva attende dei pengar som dei hadde truga seg til hjå stiftamtmannen. Men sjølve uppstyret synte at det var ei grensa for kva bønderne tolde, og det prova at endå til dei vanvyrde strilar var ei magt når dei tok saki i si eigi hand. Styremagterne våga ikkje å driva naglen hardare. Berre nokre av dei som hadde teke hardast på futen og stiftamtmannen fekk straff, dei andre som var med i uppstyret gjekk fri. Ekstraskatten vart innkravd radt til 1772, men innkrevjingi vart mykje spakare etter enn fyrr "Strilekrigen".

 

Etter det granskarane hev funne ut so var ikring 1650 berre 1/4 av bønderne i landet sjølveigarar. Men hundrad år etter, ved år 1750, var sjølveigartalet vakse til ikring 2/3 og berre 1/3 av dei norske bønder var no leiglendinger. Men soleis gjekk ikkje framvokstren i Os. Når me ikkje reknar med tvo gardar. Molda og Klvva, som vart kjøpt av ein oberst som ogso busette seg der, so hadde ikkje Osbygdi

fleire sjølveigarar i 1750 enn i 1650. Ikkje ein einaste osbonde var vorten sjølveigar i desse hundrad åri!

Ikring 1750 vart nokre gardar, som var komne i henderne på utanbygds folk, tekne til bruk av eigarane og vart på den måten sjølveigarjord. I 1764 fekk dei første osbønder kjøpa bruki sine. Det var dei fire bygslemennerne pa  Sundøy, som for 240 dalar kjøpte garden av ekkja etter prosten Leganger. Den eine brukaren hadde 10 daler sjølv til å leggja i kjøpesumen, dei 3 andre måtte låna kvar skjeling til denne, I 1796 kom 5 - 6 nye sjølveigarbruk til, det var heile vokstren fyrr 1800. Sjølv um me reknar med dei gardane som var kjøpt og tilflutt av "storfolk", so var ved hundradårsskiftet mindre enn 1/7 av den samla jordi i bygdi sjølveigarjord.

At bønderne ikkje åtte jordi hindra sterkt den økonomiske framvokstren. Når me samanliknar tilhøvi med andre bygder, so vil me finna at Osbygdi stodt "heng att" økonomisk. I 1789 vart lagt ein skatt av all eiga i bygderne. Enndå Ossokni hadde like stort folketal som tvo av dei andre sokner tilsaman so lagde ho minst skatt, Både Samnanger, Strandvik og Fusa lagde kvar noko meir enn den store Ossokni, og Hålandsdalen som berre hadde 1/3 av folketalet i Os lagde like mykje. Og grunnen til vanmagti i Os var at bygdefolket ikkje rådde over jordi.

Uåri kom jamt att, soleis var det ei hard rid i 1780 åri. Osingane måtte som andre kjøpa korn i byen, men då dei var fatige og hadde lite å betala med,  -- dei stod i skuld til kjøpmannen frå fyrr og åtte korkje gard eller grunn til trygd for skuldi,  -- so vilde kjøpmennerne lite borga dei. Me ser ogso av skifti frå dei tider at mange osbønder stod meire i skuld til Bergenskjøpmenner for korn enn heile buet var verdt. Og at osingane jamt fekk svelta når uåri kom er greidt.

Men, "aldri so ille at det ikkje er godt for eitkvart", segjer ordtoket, og det sannast ogso her. Dei trange økonomiske kår gjorde at osbonden måtte freista alle utvegar for å berga seg. Og han fann ein utveg som bar langt fram:

Han vart handverkar og arbeidar, åttat han var gardbrukar. Arbeidslivet utanum bondeyrket vaks fram. Båtbygnaden som hadde gamal rot i Os tok seg upp i stor mun.

og Oselvarbåtane vart namngjetne vida ikring. Treskoarbeidet som lenge hadde vore lite vyrd vart no kvar manns arbeid, og tresko vart ei stor handelsvara i bygdi. Fleire lagde seg etter smidjearbeid, snikkring, muring o. d., og ein finn at osingane alt so tidleg som på 1700 talet reiste på sovore arbeid i framande bygder, Um vinteren reiste umlag alle vaksne karar på vårsildfisket, og dei dalerne ein kunde tena i fisket var ei god hjelp til skattar og andre utlogor. I det heile tore ein segja at osingane var um seg etter arbeid alle stader der det var å finna.

Og det trongst. For um ikkje velstandet vaks so auka likevel folketalet. Som nemnd hadde Osbygdi i 1665 nær 800 menneskje. Ved år 1700 var talet ikring 950, og i 1769 den fyrste gong då det vart halde heil teljing, var det 1102.  Av desse var 529 menn og 573 kvinnor. Og i 1801 var folketalet auka til 1336.

Dette er ein stor auke, serleg i den siste bolken, frå 1769 til 1801. Jordbruket hadde ikkje vakse i same mun, i dei femti åri frå 1725 til 1775 var berre 18 nye bruk komne til, umlag alle ved utviding eller skifting av dei gamle gardane. Men frå 1780 og frametter fær me ein nyvokster att. Det er den nye jordbrukarklassen, plassmennerne, som no kjem til og gjev det største tilskotet. Det vart upptekne mange nye plassar og mange av desse vart sidan gode gardar. I alle luter av bygdi kom nyvokstren. I øyane kann me soleis nemna Bjørnarøy, Bruarøy, Stølshaugen og Træet i Røttingi, Strøneneset, Skipparviki og Gjeitarøy. I Lysefjorden kom til Eidsvik, Garvik, Søviknes, ein heil krull med plassar ikring klostret, soleis Utgjerdet, Rindedalen, Vasberget og Høyspolen, og sidan Kollen under Drange. Gjeng me søretter finn me Svegane (Vagtdal). Ulventræ og Hagevik upptekne i den tidi. På Neset er Skjeisleiro, Tuendalen, Lekventræ, Ferstadivollen og Bjørneviki nye plassar, og midt i bygdi finn me mange: Kuventræ, Osgrindi, Sveo, Utgjerdet, Lundetræ, Nedrebø, Moldedalen, Bjånesstykket og sisst Orrebakken. I den austre luten av bygdi var umlag like mange: Hatviknes, Skavhella, Utgjerdet under Tveit. Træet og Haugen under Hjemdal, Sandbrekka og Mattistræ i Lønningdal, og Øvredalstræ. Søftelandsbygdi som tok eit krafttak i det 17. århundrad kom no med berre ein ny plass, Raudlidi. Attåt dette vart mange av dei gamle gardane kløyvt i fleire bruk.

Det var ei tung tid for folket på alle dei nye bruki som vart upptekne kring hundradårsskiftet. Ufredsåri 1807 - 1814 røynte på alle i bygderne, men mest på dei som nett hadde rydja og bygd seg nye heimar. Det vart skral livemåte på dei små plassane som enno gav liti avling. Osbygdi med sin sterke folkevokster og sine mange rydjingsmenn vart truleg ei av dei bygderne som fekk kjenna naudi hardast i ufredsåri og uåri. I eldre tider hadde Osbygdi vore nokolunde sjølvhjelpi i kornvegen når åri var gode. Men folkevokstren hadde gjort at kornavlen i bygdi no vart for liten, jamvel i gode år, og i uåri vart det radt ille. Ved hundradårsskiftet kom fleire uår etter einannan. Det var ufredstider i Europa og korn var vandt å få tak i. Folk måtte bruka mose og bork til å drygja mjølet med, soleis som dei ogso var van til å gjera i uåri tidlegare. Etter eit par vanlege år vart det atter uår i 1805 og 1806. Det var ikkje berre korn det kneip um, men ogso høy. Våren 1806 vart det ei forknipa som ein ikkje hadde sett maken til. Beisti svalt beintfram ihel på båsen, og smalerne som dei var van å jaga ut tidleg um våren både fraus og svalt ihel, For kulden heldt ved og snjoen låg høg langt utover våren. Og folket måtte sjølv lita mykje på bork og mose.

I 1807 kom ogso Norge med i ufreden. Engelskmannen vakta væl på at det ikkje vart tilførsla til Norge, og kornprisane vart difyr skræmeleg høge. Prisane på bondevara gjekk ogso upp men ikkje i same mun. I 1807 fekk bønderne ei tunna bygg i Bergen for 2 famnar bjørkeved. I 1809 stod vedprisen i same laget, men bonden måtte no ut med 8 famnar ved um han skulde få ei korntunna med seg heim att. Og det same gjaldt fisken. Medan fiskaren fyrr hadde fenge ei tunna korn for 2 - 3 våger fisk, so måtte han no ut med 30 våger fisk for å løysa korntunna. Det skulde soleis pengar til for å kjøpa korn i desse åri.

Men det vart endå verre. Medan engelskmannen i 1810 - 11 hadde late augo noko att for tilførsla til Norge, so slog han dei heilt upp i 1812. Dei engelske skipi vakta på at det ikkje kom ein einaste sekk korn frå utlandet. Og samstundes vart det eit uår som det ikkje hadde vore maken til i lange tider. Kornet vart ikkje gagn i. Alt i slutten av august, fyrr slåtten var ferdug, vart det sterk frost, og den 23. september fall det stor snjo i Osbygdi og grannebygderne. Og då kann ein skyna korleis avlen vart.

Kornprisane gjekk no upp i 70 daler for ei tunna havre, 150 daler for ei tunna rug og 200 daler for ei tunna kveite. Men noko heil tunna hadde ingen å selja, og korn var umlag ikkje å få i Bergen. Dei mest trengjande fekk kjøpa nokre merker havrekorn på militærmagasinet for 12 skjeling morki. Mose- og borkebrødet måtte til att, og det vart ein syrgjeleg vinter for mange.

Var vinteren hard so vart ikkje våren stort likare. Det var ikkje såkorn i bygderne, og fekk bonden ikkje såkorn og såd i åkrane so vilde han heller ikkje få nokon avle næste haust. Bygdefolket fekk den trui at det var korn i Bergen, men at kjøpmennerne heldt det att og ikkje vilde selja til bønderne. Dei vart difyr samde um å taka kornet der det var å finna, og ein av dei fyrste dagar i mai 1813 samlast bønder frå Fana, Os og nokre andre bygder i Bergen for å taka korn frå kjøpmennerne. Dei fann berre nokre tunnor som skulde sendast til Trøndelagen, og kjøpmennerne fekk telja dei frå å taka dette. Bønderne for og rende i fleire dagar ikring i byen, likevel utan å gjera nokon skade, og til slutt måtte dei fara heim att like tomhendt som dei kom. Styremagterne gjorde no kva dei kunde for å skaffa såkorn, og åkrane vart tilsådde ogso det året, sjølv um det ikkje vart fyrr langt ut på våren.

Kornprisane kom no opp i den største høgd som me veit um. Um våren 1813 var prisen på ei tunna rug 300 daler, og ut på sumaren kosta ho 400 daler i Bergen. Ei tunna salt kosta 120 daler. Prisen på ei ku var då 50 - 70 daler i Osbygdi, og det skulde soleis 2 kjyr til for å løysa ei tunna salt og 6 kjyr for å løysa ei tunna rug!  Potetorne som då var komen i bruk var for det meste uppetne tidleg på vinteren. Hadde ikkje vårsildfisket slege so uvanleg godt til so hadde det vorte radt sveltihel for mange. Med sild og turrfisk attåt borkebrødet heldt folket livet uppe til dess dei nådde i avlen hausten 1813.

Ogso 1814 vart eit tungt år, og serleg um sumaren etter at bønderne hadde brukt resten av avlen til såkorn vart det trangt for mange. Det var no korn å få kjøpt i Bergen, men kjøpmennerne heldt framleis kornet i sver pris. Både i Osbvgdi og grannebygderne, serleg i Samnanger, trong mange til kjøp av korn, men dei hadde ikke nok pengar. Bygdefolket kom difyr på den tanke at dei fekk fara til Bergen for sjølv å setja kornprisane, og Samningane gjorde upptaket. Det gjekk ut setlar og bodstikkor frå Samnanger til bønderne i Os, Haus og Fana, og alle var viljuge å vera med. Det vart sagt at dei ogso kveikte vardane for å samla folket, og dei kom frå mange bygder. Laurdagen den 23. juli 1814 kom bønderne i store flokkar til byen og krov nedsetjing av kornprisane. Småfolket i byen var samd med bønderne, dei samla seg likeeins og var med i ropet um nedsetjing. Nokre av dei større kjøpmennerne gjøymde seg, so at folket ikkje fekk tak i dei. Stiftamtmann Bull freista å tala bønderne tilrettes, men måtte tilslutt sjølv gjøyma seg for å berga skinnet. Soldatane vart utkommandera, men det vart ikkje gjeve ordre til skjoting, då det var uvisst kven soldatane, som sjølv var bondegutar, i røyndi vilde skjota på. Stiftammannen og dei andre styremagter i Bergen vart rædde, og det vart so fastsett ein ny og mykje lågare pris på kornet.

I fem dagar, frå laurdag til torsdag, spela strilane herrar i byen, men tok so på heimveg att. Fyrst då storparten av bønderne var farne frå byen manna kjøpmennerne seg upp. Dei sende då ein klage til kongen over at ein "grov, grum og beskiænket bondehob, forenet med en lumsk og dyrisk pøbel" hadde våga seg til å krevja lågare kornprisar, og for å hindra at dette meir skulde henda so krov dei at 300 austlandssoldatar måtte koma til Bergen, og at dei soldatar som var "i familieforbindelser med de hertilgræm sende bønder som havde andel i oprøret" måtte sendast til Austlandet. Då bønderne var farne heim vart kornprisane sett upp att. Men bondeferdi hadde likevel gjort so mykje at kjøpmennerne sidan vart meire varsame når det gjaldt kornprisane.

Med 1814 kom so "den nye tid". Det vart ikkje noko snøgt umbrøyte, bønderne fekk framleis harde og tunge tider. Men det gjekk framover, smått um senn, og med fridomen i landet vaks ogso vonerne og modet hjå bygdefolket. Den svere nedgang i pengeverdet etter 1814 hadde lite å segja for osingane som korkje åtte pengar eller fast eigedom. Hugen til å verta sjølveigarar vaks, og då det "benificerte gods", kyrkjegodset, skulde seljast i 1830 åri stod alle leiglendingar på gardane budde til å kjøpa. Gardane Kuven, Lyssand, Valla, Bjånes, Hatvik, Spansteigen og Døso som var kyrkjegods vart kjøpt av brukarane, likeeins indre Haugland og Rød som høyrde til bispestolen og lektoratet i Bergen. Godseigar Formann i Lysekloster nytta likevel høvet til å skrapa til seg endå fleire gardar i Osbygdi. soleis Midtsæter, Klyva, Hatvik og det meste av Heggland. I 1850 var av 1/4 jordi sjølveigar jord og 3/4 var brukt av leiglendingar.

Lysekloster hadde ikkje seld av eigedomane sine. Radt frå det 14. århundrad hadde klostret ått nær 2/3 av gardarne i Osbygdi, og godset vart stødt halde samla. At eigedomane i 1536 gjekk over til statseiga og i 1670 vart stormannseiga gjorde ingen skilnad på godset som var det same som fyrr. Den sisste godseigar Formann som hadde Lysekloster frå 1815 til 1870 auka endåtil eigedomen med nokre gardar som ovanfyre nemnd. Fyrst i 1872 vart det høve for leiglendingane til å kjøpa bruki sine. Godseigar Henrik Formann som døydde i 1871 hadde ikkje born, og ervingane vart samd um å selja alle gardar som ikkje låg heilt inn til hovudgarden på klostret.

Etter 700 års leiglendingstid skulde gardane i Os endeleg verta sjølveigarbruk. No skulde ein tru at det ikkje vilde koma noko i vegen for løysingi, men lagnaden vilde det onnorleis. Då gardane i 1872 skulde seljast fekk leiglendingane fyrste retten til kjøp, og dei som skunda seg og slog til vart ogso sjølveigarar. Men det var ikkje alle brukarar som sprang til med ein gong. Sume reiste på vårsildfisket som dei var van å gjera, sume måtte ikring og spyrja etter pengar til kjøpet. - det var ikkje bygdebankar i dei tider,  - andre prutta på kjøpesummen og drøla difyr ein månad eller tvo, og fyrr alle desse hadde gjort ålvor av saki var gardane deira selde til ein annan. Det høyrde skog til ymse gardar, og Staten som då hadde fenge interesse av å eiga skog melde seg som kjøpar og fekk tak i umlag 50 av desse bruki. Og dermed vart eit halvt hundrad osbønder framleis leiglendingar som dei hadde vore, men fekk til eit byte no den norske Staten som jordherre.

Bytet vart ikkje til noko fyremun for bønderne. Etter gamall skikk hadde bønderne fyrr fenge bygsla for livetidi, men det vart ikkje av no. Staten eller "Statens skogvæsen" som fekk råderett over gardane vilde ikkje bygsla burt på so lang tid. Etterkvart som dei gamle bygslemennerne døydde fekk nye brukarar berre bygsla eller pakta på 5, 3 eller radt ned til eit år. At brukarane ikkje hadde trygd for å få bruki sine i lenger tid sette snart merke på gardsdrifti. Jordi vart vanstellt, husi vart ikkje haldne ved lag og heile drifti vart skral. Stoda vart til slutt soleis at Staten i 1900 fann det turvande å selja gardane til brukarane. Men det var berre heimebøen, innmarki, som bønderne fekk kjøpa. Skogen og utmarki vart skild frå gardane og halde att av Staten. Det hev vore teke upp arbeid for å få kjøpa skogen og utmarki attende til gardane, fleire stortingsnemnder hev vore på staden og set på tilhøvi, og Stortinget hev ogso ved eit vedtak freista å retta på noko, men enno er det ikkje kome nemnande løysing. Staten eig enno skogen og utmarki.

 

Kven som hev ått  jordi i Osbygdi gjenom tiderne:

 

Aar

1400

1500

1600

1700

1750

1800

1850

1875

1900

1930

Klostereigedom

Ikring

60

65

 

 

 

 

 

 

 

 

Kyrkjeeigedom

Ikring

20

18

18

16

13

11

3

 

 

 

Statseigedom

 

 

57

 

 

 

 

20

20

6

Stormannseigedom

Ikring

10

9

17

74

77

72

69

16

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

19

25

Utanbygds eigarar  og lagseigedom.

 

4

6

9

7

4

4

3

 

 

Sjølveigande bondejord               

Ikring

10

4

2

1

3

13

24

61

61

69

 

100%

100%

100%

100%

100%

100%

100%

100%

100%

100%

 

 

 

 

Dei gardar som høyrde til baroniet Rosendal ligg enno til dette med undantak av Lien som brukaren fekk kjøpa. Elles hev Universitetet, etter at dette vart eigar av Rosendalsgodset, teke til å fyrebu sal av gardane. Det er halde verdetakst over bruki, og vonleg vert det snart høve for desse leiglendingar til å verta sjølveigarar.

Fleire gardar i Os er i den sisste tid kjøpt av utanbygdsfolk, mest frå Bergen. Ymse skipnader, soleis Bergens skogselskap, Hagevik kysthospital o. a. hev ogso fenge nokre gardar. Den eldgamle garden Ulven vart i 1870 åri teken til ekserserplass og dermed lagt aude som bondegard.

Som fyrr nemnd hadde dei vande vilkor i bygdi gjort mykje til at osingane vart eit handverks- og arbeidsfolk. Vokstren i denne leid tok til, og det som heldt det økonomiske liv uppe gjenom dei mange trange åri i det l9de århundrad var mykje arbeidslivet i bygdi. Ein stor part av bønderne var murarar, målarar, snikkarar, bygningsmenn, båtbyggjarar. o. d. og dei dreiv handverksarbeid stødt når dei ikkje var heilt upptekne med gardsdrifti. Treskoarbeidet heldt seg framleis på kvart tun og heimearbeidet elles vaks ogso fram. I ymse luter av bygdi vart tunnearbeidet ei god næring, og i slutten av hundradåret fekk ogso anna trearbeid og rosemåling mykje å segja. Arbeidslivet hjelpte soleis til å retta på dei vande tilhøve i bondevrket, og når Osbygdi i slutten av hundradåret var komi so nokolunde upp økonomisk på høgd med grannebygderne, so lyt arbeidslivet i bygdi og jordbruksvokstren etter 1870 åri saman skifta æra for framgangen. Og tidi gjev von um vidare vokster. Dei auka kunnskapar, dei mange nye hjelperåder, den lette samferdsla og ikkje minst den elektriske krafti gjer ting mogeleg som dei gamle aldri hadde drøymt um.

Då osbønderne vart sjølveigarar fekk ogso jordbruket i bygdi eit framskot. At garden var hans eigen skapa sterkare interesse hjå bonden for jordi og gardsdrifti, og det styrkte arbeidshugen. Dei fyrste åri vart rett nok ei tung tid, det måtte haldast utskiftingar på gardane, byggjast nye hus, og det var mykje å reisa på fot att. Verst var det for dei som ikkje vart sjølveigarar fyrr i 1900 - 01, dei hadde enndå meir å reisa upp enn dei andre. Men det gjekk, um det enn gjekk tungt. Ved å "hanga i" både seint og tidleg greida brukarane sine skyldnader, og umlag alle bønder i bygdi hev berga heimen og gardane sine gjenom vanskane.

 

Folke talet i Os gjenom tiderne:

 

Aar

1200

1300

1400

1500

1600

1666

1700

1769

Folketal

500

600

300

500

600

800

950

1102

Aar

1801

1835

1865

1890

1900

1910

1920

1930

Folketal

1336

1753

2173

2482

2775

3188

3714

4019

 

 

Folketalet i bygdi hev auka jamt og stødt, og lista ovanfyre syner vokstren. Auken hev likevel vore skiftande i dei ymse luter av bygdi, og nedanfyre set me upp ei lista som syner korleis vokstren hev vore i grenderne etter 1800.

 

Folkevokstren i grendene:

 

 

1801

1865

1920

1930

 

Folketal

Part av folketalet i bygdi

Folketal

Part av folketalet i bygdi

Vokster 1801 - 1865

Folketal

Part av folketalet i bygdi

Vokster 1865 - 1920

Folketal

Part av folketalet i bygdi

Vokster 865 - 1930

Søftelandsbygdi og Lysefjorden

277

%

17

387

%

18

%

71

668

%

18

%

73

691

%

17

%

78

 

197

15

342

16

74

492

13

44

564

14

65

Nore og Søre Neset

365

27

537

24

47

990

27

84

1149

28

114

Oskrinsen

338

25

582

26

72

1162

31

100

1315

33

126

Hegglandsdalen og Indregardane

209

16

325

15

56

402

11

23

300

8

-7

 

1136

100

2173

100

63

3714

100

71

4019

100

85

 

 

 

 

Som lista syner gjekk dei fleste grender noko likt fram frå 1801 til 1865, med umlag 70 prosent auke i folketalet. Eit undantak var Neset og Hegglandsdalen med Indregardane, der auken var ikring 50 prosent. I andre tidbolken frå 1865 til 1920, var vokstren meire skiftande i grenderne. Oskrinsen magta i denne bolken å dubla folketalet sitt, og Nesjakrinsane var ikkje langt etter. Det var serleg Hagevikgrendi som her gav vokstren. Søftelandsbygdi og Lysefjorden vaks jamt og stødt som i fyrre tidbolken, medan Øyane syner mindre framgang. Denne krinsen "hang att" inntil århundradskiftet, men frå den tid byrja ogso folketalet i Øyane å auka sterkt. Hegglandsdalen og Indregardane magta ikkje å fylgja med i vokstren. Medan denne luten av bygdi i 1801 hadde seksteparten av folketalet i Os hadde den i 1920 berre niandeparten av folket.

Ogso etter 1920 hev det gjenge i same leid. I Oskrinsen hev framgangen vara ved, so at krinsen no hev nær tridjeparten av heile folketalet i bygdi. Til denne krinsen er då rekna Os skulekrins med grensor Neset bedehus - Ulven -Tøsdal - Hjelle - Bjånes.  Ogso Nore og Søre Neset hev gjenge munaleg fram. Det er Hagevik kysthospital som hev gjort mest til dette, og på Hovland gard var det ved sisste teljing 296 menneskje. Storparten av desse var på sjølve Kysthospitalet eller beinveges knytt til dette. I Øyane hev ogso folketalet auka sterkt i sisste tiåret. Ogso i Søftelandsbygdi er folketalet auka noko, -- på garden Søfteland var det ved sisste teljing 196 rnenneskje, — medan vokstren i Lysefjorden er stogga upp. I Hegglandsdalen og Indregardane er folketalet gjenge sterkt attende i det sisste tiåret. Truleg vil denne nedgangen snart stogga, men nokon sers vokster i folketalet er ikkje å venta i desse krinsane. Dei sisste teljingar gjev full greida på det. Folkestraumen gjeng frå dei reine jordbruksgrender til arbeidsplassane på Osøyri, Hagevik og andre stader, og diverre ogso til byen og til Amerika.

Til Bergen hev det i fleire århundrad gjenge ein folkestraum frå Osbygdi, sjølv um den ikkje stødt hev vore serleg stor. Kvart år reiste det nokre osingar til byen, serleg var det sjøfolk som for ut og som seinare tok bustad der. Etter 1850 vaks folkestraumen, og talet på dei som vilde freista bylivet auka mykje. Umframt sjøfolk som framleis hadde hug på ein heim i byen, var det mest arbeidarar og handverkarar, serleg kjiparar, som fôr sin veg. Etter sisste århundradskiftet kom det fleire til, og no kjem det ogso mange kontorfolk og krambufolk frå bygdi til Bergen. Kvart år fer det ogso ein flokk unge gjentor som tek tenesta i byen. Sume av dei utflytja kjem att, men storparten av dei som fer til byen vert verande og fær heimen sin der.

Ogso til Fana hev det vore stor utflytjing frå Osbygdi. Straumen hev gjenge frå Os til bygderne nærast Bergen og til sjølve Bergen.  Til vederlag hev Os fenge innflytjing frå bygderne austanfyre Bjørnefjorden, frå Samnanger og Fusabygderne, og fyrr 1850 var det ogso stor innflytjing frå Kvinnherad og ymse Hardangerbygder. Folkestraumen hev ogso frå desse bygder gjenge leidi mot byen.

Osingane byrja ikkje sers tidleg å fara til Amerika. Den fyrste utvandrar frå Os som ein finn nemnd, -- me reknar ikkje med dei som for tilsjøs og kannhenda gjekk frå skipet i Amerika eller andre luter av verdi, — var den 30 år gamle Knut Knutson Lekven som fôr til Amerika sumaren 1852. Våren etter reiste Asbjørn Berge med huslyd, i 1854 fôr det tvo karar til frå Lekven, og sidan reiste det vanleg nokre osingar kvart år. Frå Samnanger var utvandringi teki til fyrr, og det fôr fleire til Amerika derifrå enn frå Osbygdi. I dei 15 åri frå 1840 til 1855 fôr det 7 menneskje frå Os, 8 frå Fusa, 12 frå Strandvik og 18 frå Samnanger til Amerika. Seinare vaks ogso talet for Os, og i dei tvo åri 1861 og 1862 reiste det 22 menneskje frå Os til Amerika.

Etter 1865 minka utvandringi, — i tiåret 1865 - 74 fôr det soleis berre 40 menneskje frå Os, - og i 1875 stogga det heilt upp. I femåret 1876 - 80 reiste det berre 7 menneskje frå Osbygdi. Dette var etter måten mykje mindre utvandring enn frå storparten av dei andre bygder i Hordaland. Etter 1880 vaks talet på utvandrarar, og det fôr no vanleg 7 - 10 osingar um året. Dette heldt seg radt fram til 1905. Då auka utvandringi storveges, og i ti-året 1906 - 15 reiste det ut 197 menneskje frå Os, umlag 20 um året. Krigsåri sette so stogg for utvandringi, - inntil 1920 fôr det berre 15 menneskje frå Osbygdi, - men deretter tok det til på ny frisk.  I tidi 1921 - 29 hev 161 osingar vandra ut, av desse 23 i 1928 og 16 i 1929. Talet på utvandra osingar frå 1850 til idag er umlag 700.

Av dei utfarne er umlag alle reist til Amerika. Berre ein og annan hev funne vegen til andre land, jamnast då til Sud-Afrika. Utvandringi til europæiske land er ikkje medrekna i dette oversyn.

Storparten av dei osingar som er farne til Amerika er vorten verande der for godt. Dei som var gift fekk jamnast huslyden etter, um dei då ikkje hadde han med seg med ein gong. Berre ein og annan er komen att for å busetja seg i heimbygdi, og då vanleg slike som ikkje hev funne nokon hugnad i den nye verdi. Det er difyr heller ikkje komen mange dollars til Os, soleis som det kann henda i andre bygder, t. d. Tysnes, og nokon beinveges gagn hev ikkje Osbygdi havt av utvandringi.

Elles hev ikkje osingane i Amerika gjort skam på heimlandet eller heimbygdi. Dei fleste hev streva og arbeidt seg fram til sjølvberga folk, og det er, sovidt me veit, sers få som hev gjenge under i livsstriden og den harde tevlingi. Det er vel få eller kan henda ingen som hev vunne rikdom, men fleire osingar hev likevel vunne seg namn som vyrde samfundsborgarar og gode arbeidarar i kyrkja, skule og andre kulturskipnader.