EIT UTSYN FRÅ MØSNUKEN

EIT UTSYN FRÅ MØSNUKEN.

 

EIT UTSYN FRÅ MØSNUKEN.

 

Skal me få eit samla utstyn over grenderne, skal me få eit heilt og ubrote bilæte av bygdi, soleis som ho i røyndi er, so lyt me taka ei ferd med luftskip over landet. Men diverre vert det få av oss som fær høve til det, me lyt halda oss til jordi. Me vil likevel gjera freistnaden med eit kringsjå, og me tek oss difyr ein snøggtur upp på Møsnuken, den grå fjellkollen som reiser seg 640 m. i høgdi, og som syner frå alle grender i Osbygdi.

Stend me på Møsnuken ein solskinsdag tidleg um våren. eller helst um hausten då lufti er klårast, so møter det oss eit syn som aldrig vert gløymd. Me ser bygdi med fjell og dalar, skogklædde åsar og lider, med vatn og elvar, holmar og skjer, og attmillom grender med gule åkrar og grøne bøar, og klyngjor med kvite, raude og gule hus. Og ikring bygdi og grendene ei råma av fjordar og fjell, av framande bygder og bygdelag, og som allerytste synsgrensa det opne havet, som for vårt auga gjeng saman med den blå himlen som kvelver seg over det heile. Det er eit syn so fagert og storfelt at sjølv eit kvardagsmenneskje og ein turrpinn kann verta varm um hjarta og fær hug til å syngja med skalden: "Fager er lidi og landet!"

Når me ser kvar ting ovanfrå, so ser elles Osbygdi mykje onnorleis ut enn som me kjenner henne frå vår ferd etter strenderne og vegane gjenom bygdi. Landslaget med gardar og grender ter seg på ein annan måte, mykje av det som ruvar høgt i dalen og på flatlandet vert no lite og smått. Fjelli og skogen tek største romet soleis som dei ogso hev det i røyndi. Den dyrka marki, bøen med åker og eng og alt det som er stellt av menneskjehender syner seg å vera ørande lite imot alt som enno ligg som det kom frå ska~

 

Bilde o1-34

Utsyn mot Osøyri og Bjørnahalvøyi.

paren. Me fær her ei kjensla som aldrig fyrr av, at enno er her mykje å gjera i Osbygdi.

Me tek eit lite kringsjå og byrjar då med det næraste. Rett nedfor oss ligg Hegglandsdalen som eit djupt sokk i landslaget. Den låge åsrekkja som skil dalen frå fjorden tykkjest vera lagt for at Bjørnafjorden ikkje skal strøyma inn over dalen. Vatnet nede i dalen liver upp som eit smørauga i skåli, og elvi syner vegen ut frå den trange dal til den vide verdi.

Lenger aust ser det myrkare ut. Dei hoge og grå fjell kollane stend som ei vakt ikring den vesle Lønningsdals-grendi. Øvredalsvatnet som skulde lysa upp millom dei myrke fjelli syner seg ikkje for oss. Nordanfyre kollane og åsane skrimslar me dei tvo vatni, Krokvatnet og Steindalsvatnet. Dei gjøymer seg i skogen, bljuge og skamfulle avdi dei ikkje greider å skaffa nok vatn til ljoset i Osbygdi. Og den myrke fureskogen gjøymer dei so godt han kann,

 

Bilde o1-35

Utsyn mot Neset og Sørøyane. Krossfjorden og Sundslandet i bakgrunnen.

 

medan han sjølv stend byrg og breid og tykkjest segja:

Her er det   s k o g e n    som rår grunnen!

Vender me augo mot sud so gløymer me straks det tunge og sorgsame frå dei myrke skogane. Her ligg Lyssandbygdi framfyre oss smilande i solskinet med sine flate bøar, væne hus og blømande hagar. Fjorden ligg blank og blå utanfyre. Frå strandi hev einkvan kasta ein neve småstein ut på den blå flata. Det er Sandholmane. Osøyri speglar seg i fjorden, ja sjølv dei grå hyttorne og nausti langs fjæra ser sømelege ut herifrå. Det glimar i tårnspiret på kyrkja og blenkjer i bilane som krinsar ikring på Osøyri og vegane i nærleiken.

Ulvenvatnet ser herifrå ut som ei liti tjønn, høveleg som vaskestamp åt grendi ikring. Medan Mobergsgardane ser blide og smilande ut der dei ligg med sine grøne bøar på solsida av vatnet, so tykkjer den aude Ulvensletta på nordsida av vatnet sjå svartare og myrkare på livet. Dei grøne og brune åsane ikring lagar ei høveleg råma um det skiftande bilætet her. Lenger sør ser me ein stor hage med raude, gule og kvite blomar. Det er Søre Neset med sine klyngjor av mangelita hus som brikjer soleis, medan Nore Neset gjøymer seg bljugt attanfyre Lifjellet.

 

Bilde o1-36

Utsyn mot Lysefjorden.

 

 

Herifrå ser Bjornahalvøvi med Bjornatrynet retteleg ut som ein bjørn, og ingenstad svarar han soleis til namnet som når me ser han herifrå. Han hev lagt seg heilt ut mot fjorden, og som han ligg der og sprikjer med labbane, med kryl på ryggen og gliser med tennerne mot sør tykkjest det vera han som vaktar bygdi.

Medan dei mange øyar og holmar i Sørøyane ligg og voggar på fjorden som sjøfuglar i solskinet, gjeng Strøno og dei andre Nordøyane for våre augo i eit med fastlandet. Me ser eit skrimsl av Skjeisosen innanfyre Strøno, men det fagre Hagevik syner seg ikkje. Det er skogen som her tek synet, og dei myrke furetoppane set alle stader sin farge på bilætet.

Lysefjorden ligg open med sine mange grå holmar og skjer, som tykkjest vera kasta um ein annan, meiningslaust og på slump. Grendi og gardane er gjøymt attum skogen og åsane. Det ser ut som um Lyshornet vil ha denne grendi for seg åleine og ikkje vil syna ho fram til andre. Det

 

Bilde o1-37

Frå Lifjellet: Utsyn over Ulvenvatnet mot Skogafjell.  Ulvensletta til vinstre.  Osdalen til høgre

 

 

 

Bilde o1-38

Utsyn mot Osdalen og Lvshornet.

 

einaste som ogso lyser mot Møsnuken er Lysøy med Ole Bull sin fagre heim og det kvite utsynstårnet på toppen av øyi.

Søftelandsbygdi ser mykje onnorleis og vænare ut herifrå enn ho syner seg når me fer framum etter vegen eller med jernbanen. Midt i grendi ligg dei ljosgrøne plantingar på Eikhaug, og rundt ikring krinsar seg dei væne gardane med gule åkrar og grøne bøar. Med dei mange plantefelter og lundar, bøar, åkrar og huskrullar ser grendi ut som ei halvløyst kryssordgåta. Søftelandsvatnet og Gåssandvatnet skil grendi frå den andre luten av Osbygdi, og ho tykkjest høyra naturleg saman med Kalandsgrendi nordanfyre Fanaskilet.

Men synet er ikkje bunde av skilet mot Fana eller andre heradsgrensor. Me ser ogso grannebygderne rundt ikring, og sjeldan vil me finna ein stad der synet som her på alle leider gjeng langt ut um bygdegrensa. Me tek difyr med det same eit vidare kringsjå og vender oss atter mot solsida.

 

 

Bilde o1-39

Utsyn mot Bjørnafjorden. I bakgrunnen til vinstre Fusafjelli . Til høgre Tysnes- og Kvinnheradfjelli.

 

 

Mot sud ligg fram fyre oss den opne Bjørnafjorden, som her ved Os er på det breidaste, nær tvo mil. På hi sida  fjorden ser me Tysnesøyi med gardar, lider og fjell. Tysnessåta og Kyrkjefjell ris høgt over bygdi. Til høgre ser me den skogklædde øvi Reksteren, og attanfyre reiser seg Stordøy med dei høge fjellkollane Mehammersåta og Stovegolvsfjell. Enndå lenger sør øygnar me Siggen på Bømlo som ytste forpost.

Vender me augo meir mot vest so ser me den opne Selbjørnsfjord med Møgster, Selbjørn og Hufteren og alle småøyane i Austevoll på nordsida. Den breide Krossfjorden opnar utsynet til havet, og på ytste holmen skrimslar me Marsteinen fyr. Nordanfyre Krossfjorden syner seg Sotra og alle dei mange småøyane i Sund og Fjell. Utanfyre øyrekkja ser me det opne havet heile synsrandi langs, frå Ryvarden i sør til Holmengrå i nord.

Innanfyre Krossfjorden breider seg den byrge Fanabygdi med skogklædde åsar og høgder, det ljose Kalandsvatn med dei blide bygder ikring, og det myrkare Nordåsvatnet med Lyderhorn og Lauvstakken som ein traust bakgrunn.

Me kann ikkje sjå Bergen som ligg gøymd bak høgderne ovanfyre Natland, men Byfjorden lyser innunder Askøylandet. Me ser Askøy og Øygarden nordover, heile den lange øyrekkja som høyrer til Fjell, Herdla og Hjelma, og lengst i nordvest øygnar me ein grå skydott heilt ute i synsrandi. Det er Fedje.

Innanfyre Hjeltefjorden ser me noko av Herdla og Mæland, og me kann kjenna Brakstadnipa og Elsfjellet på Holsna. Attanfyre kann me ogso timja dei låge åsrekkjorne på Radøyi.

Vender me oss mot nord so gjøymer byfjelli, Blåmannen, Ålreken o. fl. det meste utsynet over dei indre Nordhordlandsbygdene. Rett i nord ser me likevel fjelli ovanfyre Haus på Osterøyi, Vindeggen, Stemmeseggen m. fl. Nærare og rett framfyre oss i same leid lyser imot oss dei grøne bøar og gardar i Hauglandsdalen i Fana, like frå Kalandseid ute på "flatlandet", til Samdal og Øvstebø inn under fjelli.

Snur me hovudet meir mot nordaust so møter augo berre fjell. Svinningfjelli og attanfyre desse det høge Gulfjellet stengjer alt utsyn i denne leidi.

Tilhøgre for desse ser me kor Samnangerfjorden skjer seg veg innover millom fjellkollane. På båe sidor av fjorden møter augo små grender, og innst inne ved fjordbotnen kann me ogso timja skog og grøne bøar. Det er Hagagrendi nordanfyre Tysse. Attanfyre ser me dei høge fjellkollane som ringar Samnangerbygdi, heilt frå Blåfjell ovanfyre Vaksdal, vidare austover Jedlefjell, Bukkefjell, Storliknausen i skiftet millom Samnanger, Evanger og Kvam, radt til Jenefjell og dei andre fjellkollar austanfyre Kvammaskogen.

Vender me oss tilslutt mot aust so hev me rett framfyre oss grenderne i Fusa, der dei ligg langs med Bjørnafjorden og Samnangerfjorden, eller krinsar seg um dei tvo fjordgreiner Eikelandsfjorden og Ådlandsfjorden. Fusafjellet stengjer for utsvnet mot Strandvik, men me fær eit glytt av fjorden der han gjeng inn til bygdi millom Vinnes og Revnastrondi. Austanfyre Eikelandsfjorden ser me Hålandsdalen, der han greiner seg ut millom fjelli med dalføre og vatn i alle leider. Fjellgarden Åse som snur rett imot oss lyser i solskinet. Rundt ikring reiser seg dei høge fjelli som stengjer for vidare utsyn, Ottenosi, Gjønekvittingen og Tveitekvitingen som høgst av alle syner oss si kvite snøhuva.

 

Bilde o1-41

Frå Skogafjell:  Utsyn over Osdalen og vatni mot Søfteland.  Til vinstre Lyshornet, i bakgrunnen lengst til høgre Midtsæterfjelli og Svinningen

 

 

 

Bilde o1-42

Frå Lifjellet: Utsyn mot aust over Mobergsgrendi. Til vinstre Møsnuken

og inngangen til Hegglandsdalen, til høgre Fusafjorden og Fusafjellet.

I bakgrunnen Hålandsdalsfjelli.

 

 

Attanfyre Fusafjellet møter augo fjellkollane som skil Midthordland og Hardangerbygderne, soleis Hatlestein millom Strandvik og Hatlestrand, Horgi og Våganipa millom Strandvik og Varaldsøy, og Storefjellet millom Hålandsdalen og Strandebarm. Og burtanfyre desse lyfter seg den megtuge fjellrekkja austanfyre Hardangerfjorden. Me ser den eine fjelltoppen etter den andre frå Husnes og austover, Ulvenosi, Englefjell, Malmangernuten, Melderskin og heile rekkja av Kvinnheradsfjelli, Jonstein og Daugremålsnut i Jondal o. s. fr. Det sisste me med vissa kann sjå er Gråfjell vestanfyre Utne.

Men enndå lenger burte reiser det seg ein lang kvit fjellrygg, som med si lange jamne flata svarar til synsrandi i vest. Det er Folgefonni som her syner seg i all sin herlegdom. Kvit og skinande ligg ho der. Storhavet med den lange grå øygarden i vest og den store kvite storfonni med dei høge fjell i aust, og millom desse fjordar og vikar, åsar og lider. øyar og nes, bø og skog, bygder og grender, det er eit syn som ein skal leita etter maken til! Og det er landet vårt! Når me stend her på Møsnuken, då lyt me segja med Gunnar av Lidarende:

»Fager er bygdi! Ja fager er bygdi og landet!"